- Legg hovudet bakover
- Trekk (forsiktig) ned det nedste augelokket, slik at det blir danna ei "lomme"
- Hald flaska som ein penn (1-2 cm over auget). For å få bedre støtte kan du la flaska kvile på naseryggen
- Trykk ut ein drope slik at den kjem innanfor "lomma"
- Hald auget igjen i 1-2 minutter for å oppnå best mogleg effekt
Du kan drype augene sitjande, liggjande eller ved å sjå deg i spegelet:
Har du problem med å "treffe auget" med augedropen, kan du dryppe med lukka auge:
- Best å ligge flatt når du dryp med lukka auge
- Støtt flaska med naserota
- Drypp ein drope slik at den blir liggjande i augekroken
- Når du opnar auget, kjem dropen på plass.

Når du skal dryppe augene:
- Bruke den dryppeteknikken som passer deg best
- Dersom augedropane kjem på huda under augene, tørk forsiktig med reint papir
- Brukar du fleire dropar, skal du vente 5 minutter mellom kvar gong drypping.