Psykisk helsevern

ADHD hos barn og unge - medikamentell behandling

I behandling av ADHD er det viktig å leggje tilrette godt i heimen og på skulen, men medisinering kan vere ein effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisinar, som for eksempel Ritalin og Concerta.

Før

Du som pasient og dine pårørande kan bruke tid saman med legen til å finne ut om medikamentell behandling er aktuelt, og i så fall kva for medisinar som vil fungere best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for organisering av utprøvinga.

Under

Før du startar fast på medisinar er det vanleg å gjennomføre ein systematisk utprøving over nokre veker med varierte dosar og daglege notat/sjekklister om effektar og biverknader.

Etter

Når fast medisinering har fungert greit ei viss tid, kan spesialist og fastlege avtale at å føreskrive medisin kan overførast til fastlegen.
Les meir om medikamentell behandling på www.helsenorge.no

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?