HELSENORGE

Vald, overgrep og omsorgssvikt

For barn og unge som opplever vald, overgrep og omsorgssvikt, er tidsfaktoren viktig. Jo tidlegare dei får hjelp, desto betre framtidsutsikter. Alle som jobbar med barn og unge må vere merksame på teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt, og har sjølvstendig ansvar for å følge opp bekymringa.



​Å oppleve vald, overgrep og omsorgssvikt påverkar følelsar, utvikling og helse. Barn og unge reagerer ulikt på belastningar. Nokon utviklar tydelege traumesymptom eller psykiske helseplager. Andre kan utvikle meir diffuse teikn og signal. Konsekvensar av traume treng ikkje kome til syne med ein gong, men kan utvikle seg over tid.

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt i heimen har alle tenester meldeplikt til barneverntenesta. Det er barneverntenesta som skal gjere undersøking og vurdere tiltak. Ved psykiske reaksjonar etter traume kan det vere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta.

Les me​ir

Vald og overgrep mot barn og unge kan omfatte fysisk vald, psykisk vald og seksuelle overgrep samt omsorgssvikt i form av fysisk og emosjonell neglisjering.

Vald, overgrep og omsorgssvikt kan skje i det skjulte og over lang tid utan at det blir oppdaga. Sped- og småbarn er avhengige av omsorgspersonane sine og er derfor særleg utsette. Når barn og ungdom opplever traume i nære relasjonar, kan det påverke utvikling og korleis dei fungerer på ei rekke livsområde.

Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikt:

https://valdsveileder.nkvts.no/vald-mot-barn/

Vold og overgrep mot barn og unge (bufdir.no)

Kven g​​jer kva

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

​Fas​tlege

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til barnet/ungdommen og omfanget og verknaden på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si oppfatning av utfordringane til barnet/ungdommen
  • Somatisk historikk og somatisk status
  • Aktuelle belastningar / traumatiske opplevingar. Er det behov for bekymringsmelding eller sikringstiltak?
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Krenkingar, f.eks. overgrep eller psykososiale belastningar
  • Søvnproblem
  • Sjølvskading og fare for sjølvmord
  • Rusmiddelproblem (pasient og familie)
  • Ressurs-/tillitspersonar rundt barnet/ungdommen
  • Informasjon om kva tiltak og tenester som er prøvd ut, ev. skriftlege vedlegg frå andre instansar
  • Fastlegen si vurdering av vanskane til barnet/ungdommen og alvor av symptoma

Om ein mistenker at barnet/ungdommen har psykiske reaksjonar etter traume eller belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta. Bekymringsmelding kan bli utarbeidd i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette. Om ein mistenker at barnet/ungdommen blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi, etter dialog med barnet/ungdommen.

 

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtale med barn og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Lettare psykiske helseplager skal vanlegvis bli behandla i kommunale tenester som helsestasjon og skulehelsetenesta eller kommunal psykisk helseteneste. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle behandlingstilbod i kommunen. Det er tilrådd med oppfølgingstime hos fastlegen for evaluering av effekt.
  • Ved mistanke om meir alvorlege psykiske reaksjonar eller lidingar bør ein vurdere tilvising til BUP.
  • Ved risiko for ØH-tilvising bør det bli utarbeidd ein krise/sikkerheitsplan saman med pasienten.
  • Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan bli brukt både for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.
  • Vere delaktig i å etablere ansvarsgruppe rundt barnet/ungdommen

Ved pågåande belastningar må tiltak bli tett følgt opp. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør ein vurdere tilvising til BUP også ved lettare psykiske vanskar.  

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Oppsummeringar frå andre instansar kan sendast som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Tilvising til BUP kan ein sende på grunnlag av alvorlege psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar eller mistanke om andre psykiske lidingar som kan vere ein reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. 

Ved vald, overgrep og omsorgssvikt er det ofte mange involverte instansar frå både kommune og spesialisthelseteneste. Fastlegen må samarbeide med dei som har omsorg for barnet/ungdommen, og ved behov med involverte instansar som barnevern, helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunal psykisk helseteneste, PPT og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøte dersom pasient/føresette sett opp time hos fastlegen i aktuelt tidsrom.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolle som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om korleis ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

 

Helsestasjon og skulehe​​lseteneste

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Ved mistanke om psykiske vanskar bør helsestasjonen/skulehelsetenesta kartlegge vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen.

Vidare kan ein utforske bredt faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Trivsel, humør, venneforhold og fritid
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen       
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehage/skule, konfliktar og mobbing
  • Søvnvanar og endringar i søvnmønster
  • Kosthald og måltid, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Suicidalitet, sjølvskading og sjølvdestruktivitet
  • Bruk av sosiale medium og spel

 

Gjennom førebyggande arbeid og opplysningsarbeid til barn på helsestasjon og skule kan tenesta bidra til å førebygge psykososiale belastningar. Helsestasjonen/skulehelsetenesta kan avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt i vanlege helseundersøkingar, i samtaler med barn/ungdom eller føresette eller ved at ein mottar bekymringar frå medelever eller lærarar. For å avdekke belastningar er det viktig å

  • Vere merksam på moglege fysiske indikasjonar på vald, overgrep og omsorgssvikt i dei somatiske undersøkingane.
  • Observere moglege teikn på psykiske plager under helsesamtala og den somatiske undersøkinga.
  • Stille spørsmål om forhold som er relatert til vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Kartlegge ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold.
  • Observere samspelet mellom barnet/ungdommen og føresette, av dette om foreldra har negative eller fiendtlege haldningar eller urealistiske forventningar til barnet/ungdommen.
  • Innhente informasjon frå andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Særleg er det aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg.

Om ein mistenker at barnet/ungdommen har psykiske reaksjonar etter traume eller belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta. Bekymringsmelding kan bli utarbeidd i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette. Om ein mistenker at barnet/ungdommen blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi, etter dialog med barnet/ungdommen.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Helsesjukepleiar kan følge opp barn og ungdom som har lette psykiske plager eller traumesymptom, gjerne i samarbeid med føresette og aktuelle instansar. Tiltak frå helsestasjon og skulehelsetenesta kan vere:

  • Samtaler med barnet/ungdommen der ein legg vekt på å dele vonde erfaringar, styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om tilrettelegging i kvardagen. Helsesjukepleiar kan bidra med å skape forståing av barnet/ungdommen sine emosjonelle behov og føresetnader og å finne gode tiltak.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp og Hei-spelet.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd når barn eller ungdom har opplevd traumatiske erfaringar, og korleis dei kan støtte barnet/ungdommen i kvardagen.
  • Kurs, grupper eller programbasert rettleiing for føresette, eksempelvis Foreldreveiledning i grupper (ICDP) (bufdir.no) eller Circle of Security - foreldreveiledningskurs (bufdir.no).
  • Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan nyttast for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Ved alvorleg bekymring for den psykiske helsa eller situasjonen til barnet/ungdommen må ein be føresette om samtykke til å drøfte saka med ansvarleg helseteneste eller barneverntenesta.

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Samarbeid med andre tenester

Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle for å sikre samarbeid og informasjonsflyt mellom ulike tenester, og særleg mellom barnehage/skule og helsetenestene.

Ved vald, overgrep og omsorgssvikt er det ofte mange involverte instansar frå både kommune og spesialisthelseteneste. Helsesjukepleiar kan støtte opp om tiltaka frå andre instansar ved støttesamtaler til barnet/ungdommen eller føresette. Aktuelle samarbeidsinstansar er særleg barnehage/skule, kommunal psykisk helseteneste, fastlege, barnevern og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar er ofte koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

Barne​hage

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Barnehagen skal fange opp teikn som gir grunn til uro, for eksempel manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Bekymring for barn bør vere basert på systematisk observasjon og dokumentasjon av vedvarande teikn og signal. Observasjonane må bli dokumentert og drøfta i tråd med rutinane til barnehagen. Kartlegginga kan innehalde:                                                                                                                                         

  • Snakk med barnet og utforsk barnet si eiga oppleving av situasjonen og ønske om hjelp. Det er viktig at dette blir gjort på ein trygg, føreseieleg og fortruleg måte for barnet. Her kan ein bruke verktøyet «Snakkemedbarn.no» eller «Jeg vil vite».
  • Observer barnet i samspel med andre barn og vaksne. Teikn og signal som kan gi grunn for uro:
    • emosjonelle vanskar som store svingingar i humør
    • endring i åtferd og sosial tilbaketrekking
    • utagering mot andre barn eller vaksne i barnehagen
    • barnet er ukritisk overfor framande
    • barnet har forsinka utvikling eller går tilbake i utvikling
    • kroppslege plager som kvalme eller svimmelheit
    • synlege teikn som blåmerke eller skader
    • regresjon eller tap av ferdigheiter
    • sosial tilbaketrekking
  • Samtale med føresette for å få tak i om det er belastningar i familien som påverkar barnet, f.eks. ustabil livs- eller busituasjon, store helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem.
  • Observer samspel mellom barnet og føresette og legg særleg merke til om føresette manglar engasjement for barnet, om det er høgt konfliktnivå i samspelet, eller om føresette er negative eller fiendtlege overfor barnet.
  • Drøft sak i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Barnehagen kan ringe barnevernet for anonym drøfting / råd. Sak kan drøftast i konsultasjonsteam dersom kommunen har det, enten anonymt eller etter samtykke frå føresette.

Barn som er utsatt for vold, overgrep eller omsorgssvikt har risiko for både psykiske helseplager og utfordringar i barnehagen som uro, konsentrasjonsvanskar og åtferdsvanskar. Jo yngre barnet er, jo mindre spesifikke kan teikna vere. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver merksam på at vanskar hos barnet kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen, reaksjonar på belastningar hos føresette, konfliktar mellom føresette eller vald/overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. Ut frå grad av bekymring må barnehagen ta ei avgjerd om dei skal melde bekymring til barnevernet. Bekymringsmelding kan bli utarbeidd i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette. Ved mistanke om pågåande belastningar er barnet si sikkerheit første prioritet. Om ein mistenker at barnet blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, må ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet kva som skal skje vidare.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

Aktuelle tiltak i barnehagen kan vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik og sosial inkludering.
  • Tiltak for å sikre at barnet opplever barnehagepersonell som ein trygg base.
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov.
  • Samtaler og rettleiing med føresette.
  • Kontakte PPT for rettleiing. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp (§31), skal kommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse). Det skal også bli utarbeidd ein individuell utviklingsplan (IUP) som sikrar at barnet får eit likeverdig tilbod.

Tiltaka i barnehagen bør bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i dialog med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Ved bekymring for den psykiske helsa eller situasjonen til barnet må ein be føresette om å få kontakte barnevernet eller ansvarleg helseteneste for å drøfte tiltak.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapiteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Barnehagen samarbeider elles med dei instansane som er involvert rundt barnet og familien, som helsestasjon, PPT, kommunal psykisk helseteneste, barnevernteneste, fysio-/ergoterapiteneste, fastlege og BUP. Ved behandling i BUP bør barnehagen vere involvert i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøte og samarbeidsmøte rundt barnet.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

I tråd med barnekonvensjonen må oppfølginga alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Ein må prøve å forstå korleis barnet opplever vanskane, og behovet det har for hjelp, ved å observere signal frå barnet og gjennom samtaler. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

All oppfølging av barn må vere basert på samtykke frå føresette. Barnehagen skal legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til barnet i barnehagen. Retten til medverknad blir sikra ved at føresette får ta del i alle avgjerder og blir involvert i alt samarbeid rundt barnet. Føresette skal alltid samtykke før barnehagen fattar vedtak om og gir spesialpedagogisk hjelp.

 

 

Sku​​le

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Ved bekymring for ein elev si psykiske helse og utvikling, speler skulen ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Teikn på psykiske helseproblem kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven. Skulen må samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får hjelp.

Gjennom å vere merksame på teikn og signal som gir grunn til uro, kan tilsette i skulen identifisere barn og unge som lever i ein risikosituasjon. For å avklare om det er grunn til bekymring kan kartlegginga innehalde:

  • Observer og legg merke til teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt som at eleven
    • fortel om ting som gir grunn til alvorleg bekymring
    • har synlege teikn som blåmerke/skade
    • endrar åtferd og trekk seg tilbake sosialt
    • har emosjonelle vanskar som tristheit, store humørsvingingar eller sinneutbrot
    • sjølvskading og suicidalitet
    • utagering overfor andre elevar eller vaksne
    • faglege utfordringar som ikkje er foreinelege med evnene til eleven
    • somatiske plager som kvalme eller svimmelheit
    • eleven manglar utstyr, klede osv. over tid
  • Snakk med eleven aleine og sett ord på det du har observert. Det er viktig at dette blir gjort på ein trygg, føreseieleg og fortruleg måte for barnet/ungdommen. Her kan ein bruke verktøyet «Snakkmedbarn.no» eller «Jeg vil vite».
  • Ta opp bekymring med føresette så raskt som mogleg. Få fram føresette si oppfatning av utfordringa og deira ønske behov og ønske om hjelp. Det er viktig at lærar beskriv det ein har observert så konkret som mogleg, og spør om føresette kjenner igjen beskrivinga. Få tak i om det er belastningar i familien som påverkar eleven, som ustabil livs- eller busituasjon, helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem. Observer haldningane dei føresette har til eleven, om dei er fiendtlege til han/henne, om det er høgt konfliktnivå eller teikn på samspelsvanskar. I samtala hentar ein inn samtykke til vidare drøfting og tiltak.
  • Bekymring for barn og ungdom bør vere basert på systematisk observasjon og dokumentasjon av vedvarande teikn og signal. Observasjonane må bli dokumentert og drøfta i tråd med rutinane til skulen.
  • Ved uro for eit barn bør sak bli drøfta (eventuelt anonymt) internt i skulen, først med skuleleiing/støtteapparat og deretter med dei etablerte ordningane til skulen for rettleiing/konsultasjon. Ved tvil kan skulen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd.

Barn og ungdom som er utsatt for vold, overgrep eller omsorgssvikt har risiko for både psykiske helseplager og utfordringar i skule som uro, konsentrasjonsvanskar og fagvanskar. Jo yngre eleven er, jo mindre spesifikke kan teikna vere. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Ver merksam på at psykiske vanskar òg kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet på skulen eller reaksjonar på belastningar i familien, situasjonen til dei føresette eller vald/overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. Ut frå grad av bekymring må skulen ta ei avgjerd om dei skal melde bekymring til barnevernet. Bekymringsmelding kan bli utarbeidd i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep/omsorgssvikt i nære relasjonar tar skulen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. Ein må alltid involvere eleven. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtala, og fortel eleven kva som skal skje.

Etter kartlegging gjennomfører ein raskt ein ny samtale med elev og/eller føresette der ein blir einige om aktuelle tiltak heime og på skulen

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak.

Aktuelle tiltak frå skulen kan vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik og sosial inkludering. Klasseleiing og god organisering av undervisning er særleg viktig.
  • Etablere ein trygg relasjon med eleven.
  • Motiverande/førebyggande samtaler med eleven.
  • Tilrettelegging i skulekvardagen.
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette, etter dialog med elev, og ha regelmessige skule-heim- samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime. 
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft behov for å tilvise eleven til PPT.
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for tilrettelegging, skal kommunen fatte enkeltvedtak som gir eleven rett til spesialundervisning. Enkeltvedtaket skal beskrive innhaldet i spesialundervisninga (varighet, omfang, organisering og kompetanse). Det skal også bli utarbeidd ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen bør bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt er eleven si sikkerheit første prioritet. Tiltak bør bli tett følgt opp og kontinuerleg evaluert. Ved alvorleg bekymring for eleven eller ein opplever ei negativ utvikling, er det viktig at skulen melder frå til barnevernet eller ansvarleg helseteneste. 

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT kan bidra med rettleiing av lærarar og gi råd om tiltak. Helsesjukepleiar er ein sentral samarbeidspartnar for skulen og er ofte kontaktpunkt til helsetenestene. Ved behov samarbeider skulen med dei som gir behandling til eleven, for eksempel fastlege, kommunal psykisk helseteneste eller BUP. Ved bekymringsmelding til barnevern kan skulen etablere samarbeid med barneverntenesta i undersøkingsperioden.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Samarbeid skulen har med andre tenester må alltid vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad bli sikra, ved at eleven får informasjon og får uttale seg før alle avgjerder. Les meir om korleis ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Dei føresette er dei viktigaste omsorgspersonane til eleven og har hovudansvar for utviklinga og oppdraginga til barnet/ungdommen. Skulen har ansvar for å legge til rette for samarbeid med føresette, sørge for at dei får nødvendig informasjon, og at dei får moglegheit til å påverke kvardagen til eleven i skulen. Føresette skal alltid samtykke før skulen fattar vedtak om og gir spesialundervisning.

 

 

Pedagogisk psykologisk tenest​​e (PPT)

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka anonymt med PPT før det blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

PPT er ikkje ei primær hjelpeteneste ved vald, overgrep og omsorgssvikt. Barn og unge som har opplevd store belastningar, kan ha utfordringar som påverkar korleis dei fungerer i barnehage og skule. Vanlege tilvisingsgrunnar til PPT, som konsentrasjonsvanskar, merksemdvanskar og fagvanskar, kan òg ha bakgrunn i at barnet har blitt utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt. I tilviste saker kan kartlegginga i PPT innehalde:

  • Innhente informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport
  • Barnet/ungdommen si forståing av vanskane og ønske om hjelp
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen
  • Kartlegging av korleis barnet/ungdommen generelt fungerer, utviklingsnivå og korleis barnet/ungdommen fungerer kognitivt 
  • Kartlegging av språk
  • Observasjon av og samtale med barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Vurdering av klassemiljø, konfliktar eller mobbing frå medelevar
  • Innhente opplysningar frå skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Rolla til PPT er først og fremst å vurdere om barnet/ungdommen har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Dersom det det kjem fram informasjon om vald/overgrep/omsorgssvikt, må PPT saman med barnehagen/skulen vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av det pedagogiske tilbodet for barn og ungdom med særskilte behov. PPT kan hjelpe barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling og gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har spesialpedagogiske behov, skal kommunen fatte enkeltvedtak og barnehagen/skulen utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan rettleie barnehagen/skulen ved behov.

 Andre tiltak frå PPT kan vere:

  • Rettleiing til føresette om opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage og skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing for korleis belastningar påverkar læring og kva som kan vere hjelpsam vaksenåtferd i møte med barn som har opplevd traume.
  • Deltaking i samarbeidsmøte/ansvarsgruppe

Tiltaka frå PPT bør bli evaluert jamleg: i faste møte med barnehagen/skulen, i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager, skal PPT i samarbeid med barnehage/skule sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar bør PPT anbefale at barnet/ungdommen bli tilvist BUP. Ved behov for tilvising til BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester først. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. PPT kan legge ved ei beskriving av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i forkant av tilvisinga, og eventuell effekt av tiltaka.

Samarbeid med andre tenester

I det tverrfaglege samarbeidet er hovudoppgåva til PPT å støtte barnehagar/skular i arbeidet med å tilrettelegge for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Dersom dei psykiske helseplagene og belastningane påverkar fungering i barnehage/skule og særleg utbytte av opplæringa, bør PPT vere med i samarbeidet rundt barnet/ungdommen. 

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, barneverntenesta, fastlege, fysio- og ergoterapitenest og BUP. Ved utgreiing i BUP bør PPT vere involvert i utgreiingsfasen og delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. PPT kan delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Elevar over 15 år, føresette, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PP-tenesta for råd og rettleiing. Føresette eller ungdom over 15 år må samtykke til sakkunnig vurdering og til samarbeid med andre tenester. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg før avgjerder blir tatt. Les meir om korleis ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

 


 

Kommunale psykiske helse​​tenester for barn og unge

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Utgreiing og behandling av psykiske helseplager er ein del av kommunen sitt helse - og omsorgstilbod til barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter som gir behandling. Andre har samla tenestene for barn og unge i ei barne- og familieteneste eller eit familiens hus. Tilbodet kan òg vere lagt til helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykolog i kommunen. Felles for tenestene er at dei har ansvar for førebygging, oppfølging og behandling ved lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge.

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Vidare kan kartlegginga innehalde faktorar som:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp. Involver eventuelt tillitspersonar.
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet og informasjon om korleis barnet/ungdommen fungerer heime og i barnehage/skule.
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, nettverk og ressursar i familien, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Klassemiljø, konfliktar og mobbing frå medelevar eller lærar
  • Ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold.
  • Samspelet mellom føresette og barn.      
  • Forhold som er relatert til vald, overgrep, omsorgssvikt og andre belastande erfaringar. Her kan ein bruke spørjeskjemaet KATES.
  • Ved indikasjon: spør særleg etter 1) sjølvskading og sjølvmordsrisiko og 2) rusvanar
  • Andre psykiske plager som sosial tilbaketrekking, vanskar med følelsesregulering, samspelsvanskar, åtferdsvanskar, rusproblem, sjølvskading, søvnvanskar, etevanskar og diffuse somatiske plager.
  • Innhente informasjon frå andre instansar etter samtykke, særleg aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg.

Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager. Om ein mistenker at barnet/ungdommen har psykiske reaksjonar etter traume eller belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta. Bekymringsmelding kan bli utarbeidd i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette. Om ein mistenker at barnet/ungdommen blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi, etter dialog med barnet/ungdommen.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar om konsekvensar av belastningar og korleis det påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike livsområde.
  • Samtaler med barnet/ungdommen der ein legg vekt på å dele vonde erfaringar, styrke sjølvbilde, meistring av plager og eigenomsorg.
  • Rettleiing til føresette i kva som er hjelpsam foreldreåtferd og traumesensitiv omsorg.
  • Familiesamtaler.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp og Hei-spelet
  • Foreldrekurs, grupper eller foreldrerettleiingsprogram dersom kommunen har slikt tilbod, eksempelvis Foreldreveiledning i grupper (ICDP) (bufdir.no) eller Circle of Security - foreldreveiledningskurs (bufdir.no).
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i kvardagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen eller store skulefråvær bør ein drøfte med barnehage/skule om det er grunnlag for tilvising til PPT.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet/ungdommen si sikkerheit første prioritet. Tiltak bør bli tett følgt opp og kontinuerleg evaluert.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Tilvising til BUP kan sendast på grunnlag av alvorlige psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar eller på grunn av mistanke om andre psykiske lidingar som kan være en reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vil vere barnehage/skule, helsestasjon– og skulehelseteneste, PPT, barnevernteneste, fysio-/ergoterapiteneste, fastlege og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om rettane til medverking her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no)

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

 

Fysio- o​​g ergotera​​piteneste

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar.

Fysio- og ergoterapitenesta er ikkje ei primær hjelpeteneste ved vald, overgrep og omsorgssvikt, men barn/ungdom med slike erfaringar kan bli tilvist til tenesta på grunn av fysiske plager eller utfordringar. Fysio- og ergoterapeutar har tett kontakt med barnet i oppfølginga og er fagpersonar barnet kan få tillit til og opne seg for. Undersøking og behandling hos fysioterapeut krev ofte at barnet er avkledd, og tenesta kan derfor avdekke teikn på fysisk vald som blåmerke og skader på kroppen, eksempelvis ved vurdering av ledd og muskelfunksjon.

Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behov og ønske om hjelp                                                                                                                                                                    
  • Korleis barnet fungerer på ulike arenaer, og deltaking i organiserte aktivitetar.
  • Om motoriske vanskar bidrar til at barnet/ungdommen ikkje kjenner meistring i aktivitet, og derfor vegrar seg for å delta.
  • I kartlegginga bør ein vere merksam på teikn og signal som
    • barnet/ungdommen fortel noko som gir grunn til alvorleg bekymring
    • sosial tilbaketrekking
    • merker på kroppen til barnet/ungdommen
    • emosjonelle vanskar som store humørsvingingar eller sinneutbrot
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar.

Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle både fysiske og psykiske plager. Fysio- og ergoterapitenesta skal vurdere utfordringane barnet/ungdommen har med bevegelse og motorikk, og kva dei treng av tiltak for desse utfordringane. 

Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Etter kartlegginga må ein vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan bli diskutert anonymt, eller med personopplysningar, med kollegaer om loven gir heimel for det. Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan bli brukt for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen.

Aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapitenesta kan vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar, slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.
  • Styrke barnet/ungdommen motorisk slik at han/ho kan oppleve glede og meistring i daglege situasjonar.
  • Hjelpe barnet/ungdommen å oppleve forståing av livssituasjon eller hendingar, gjennom kroppsleg tilnærming og refleksjon rundt kroppslege symptom                   
  • Rettleie i søknad om og bruk av tekniske hjelpemiddel.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider med aktuelle instansar som barnehage, skule, helsesjukepleiar, PPT, psykisk helseteneste, fastlege, barnevernstenesta og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.

 

Barnev​​ernteneste

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

En viktigaste rolla til barnevernet er å sikre at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Tenesta gir hjelp og støtte til barn, unge og familiar som har det vanskeleg, og set inn hjelpetiltak ved behov. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom.

Som del av kartlegginga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som har oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har,  og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette            
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Søvnvanskar
  • Sjølvskading og sjølvmordstankar
  • Bruk av sosiale media og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar

Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager som depresjon, sjølvskading, spiseforstyrringar, åtferdsvanskar og rusmisbruk. Om ein mistenker at barnet/ungdommen har psykiske reaksjonar etter traume eller belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane.

Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Ut fra tilgjengelig informasjon må barnevernet vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Støttesamtaler med barnet/ungdommen og familien
  • Rettleiingstilbod til føresette individuelt eller i gruppe
  • Familieråd
  • Støttekontakt
  • Besøksheim
  • Avlastning
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Samarbeid med BUF-etat om institusjonsplassering
  • Sikre at barnet blir tilvist til riktig instans i kommune eller spesialisthelseteneste
  • Vurdere behov for straffeforfølging

Tiltaka frå barnevernet og tiltaksplanen blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen, for eksempel stafettlogg i BTI-kommunar. Korleis og kven som skal vere med på denne evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • Tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • Tilbakemeldingar frå andre instansar
  • Status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • Vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk helse og rus hos barn og unge - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke (Barnevernloven §3.2).

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Medverking og samtykke

Oppfølging av barn og unge er i barnevernet basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 15 år. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Barneverntenesta skal i alle delar av ei undersøking snakke med barnet, orientere om kva dei vurderer og lytte til kva barnet sjølv tenker er tenleg. Alle som snakkar med barneverntenesta, kan ha med seg ein person dei har tillit til. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. Dersom undersøkinga avdekker særlege behov i familien eller barnet har utvikla alvorlege åtferdsvanskar, får familien tilbod om frivillige hjelpetiltak. Fylkesnemda kan når det er naudsynt og foreldra ikkje vil samtykke, pålegge hjelpetiltak jf. lov om barneverntenester § 4-3.

 

Koordineran​de eining

​Kartlegging ved koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresatte si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Medverking og samtykke

Brukar/pårørande kan sjølv velje om dei berre ønsker koordinator eller individuell plan. Barnet/ungdommen/føresette sitt ønske om kven som skal vere koordinator, skal bli lagt vekt på når det blir oppnemnt koordinator i kommunen.

Når brukar/føresette søker om IP/koordinator, skal det sendast eit svarbrev på tilvisinga. Vurderinga kan klagast på ved å sende skriftleg klage til tenesta som har svart på søknaden. Søknaden blir då vurdert på nytt, og om klagen ikkje får medhald, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 for endeleg avgjerd.

Les meir her: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/individuell-plan-og-koordinator/om-individuell-plan-og-koordinator-formal-og-rettigheter

 

 

 

Psykisk helseve​​rn for barn og unge (BUP)

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med pakkeforløpet Henvisning og start - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling. I tråd med pakkeforløpa skal BUP gjere ei grunnleggande utgreiing som kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • ressursar, styrkar og interesser                                                                                                                                             
    • symptom, vanskar, funksjon
    • psykisk status
    • sjølvmordsfare
    • behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • tilknyting
    • utvikling i spe- og småbarnsalder
    • emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • den psykiske og somatiske helse til barnet og førsette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Belastningar og psykososialt stress kan gi forskjellige psykiske helseplager. Ein må derfor kartlegge brett både symptoma, den psykososiale situasjonen og familieforholda til barnet/ungdommen. Traumesymptom er vanskeleg å oppdage i førskulealder. Utgreiing må derfor bli tilpassa alderen og utviklingsnivået til barnet. Ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt kan utvida utgreiing bestå av:

  • Observasjon av barnet/ungdommen på ulike arenaer, som leikeobservasjon, samtaler, barnehage/skuleobservasjon
  • Diagnostisk intervju som KIDDIE-SADS med eventuelle tilleggsmodular
  • Kartlegging av symptom på traume, av dette PTSD eller dissosiative forstyrringar
  • Vurdering av samspel, tilknyting og foreldre si utviklingsstøtte avhengig av alder
  • Kartlegging av symptom på andre psykiatriske diagnosar ut frå symptombilde, som depresjon, angst, spiseforstyrring, ADHD, autismespekterforstyrring eller andre utviklingsforstyrringar
  • Somatisk legeundersøking med supplerande medisinske undersøkingar etter indikasjon
  • Kognitiv vurdering ut frå indikasjon, eksempelvis ved høgt skulefråvær eller lærevanskar
  • Innhenting av informasjon frå andre instansar

Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager. Ein må vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng behandling i BUP.

Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som oppsummerer planlagte tiltak.

Tiltak frå BUP kan vere:                                                                                                                                                        

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Opplæring til barnet/ungdommen og omsorgsgivar/tillitsperson. Sentralt vil vere korleis traume kan gi problem med å regulere følelsar/stress.
  • Rettleiing av omsorgspersonar og samarbeidande instansar i alle fasar av behandlingskontakten.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar og psykososiale belstningar i familien og det nære miljøet til barnet.
  • Sørge for at barnet har tilgang til trygge vaksne.
  • Tiltak i barnehage/skule/fritid.
  • Tillitsfulle relasjonar og tryggleikstiltak er viktig i heile behandlingsløpet. Det kan vere klokt å etablere eit fast behandlingsteam rundt barnet/ungdommen og at det er fleire behandlarar som kjenner saka.

Psykoterapi

  • Ein kan bruke ulike behandlingsformer som traumefokusert kognitiv åtferdsterapi (TF-CBT), EMDR, dialektisk åtferdsterapi (DBT), mentaliseringsbasert terapi (MBT), psykodynamiske terapiformer og Child Parent Psychotherapy for førskulebarn. Val av behandlingsform må bli tilpassa alderen til barnet, og  foreldreinvolvering er viktig. Behandlinga inneheld mellom anna:
    • Samtale om tankane og følelsane barnet har, med vekt på emosjonsregulering, stressmeistring og problemløysing.
    • Stabiliseringsfase der ein jobbar med å etablere relasjon, stabilisere symptom og styrke korleis ein fungerer i det daglege. Det kan brukast spesifikke sjekklister for å sikre at stabilisering er tilstrekkeleg, før traumespesifikk behandling blir igangsett.
    • Sikkerheitsarbeid og -vurderingar ved oppstart av behandling og fortløpande under behandlinga. Vurdering bør inkludere sikkerheita til både barnet/ungdommen og andre med tanke på vald/overgrep, suicid, rus og sjølvskading. Utvikling av sikkerheitsstrategiar og integrasjon av ferdigheiter blir vektlagt. Kriseplan kan vere eit aktuelt verktøy.
    • Ferdigheitstrening der ein øver på å handtere traumepåminnarar og stressreaksjonar.
    • Traumebetilarbeiding og prosessering med gradvis eksponering og endring av uhensiktsmessige tankar og følelsar knytt til traumet. Kroppslege og sansemotoriske teknikkar som musikk, bevegelse, rytme og kontakt med dyr kan vere verksame for å hjelpe barn/ungdom.
  • Alvorlege traumesymptom kan gi omfattande funksjonsnedsetting i periodar (krise) der det kan vere behov for augeblikkeleg hjelp. I slike tilfelle bør det bli utarbeidd ein krise-/sikkerheitsplan saman med pasienten.

Tiltaka ska bli evaluert løpande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

Ved vald, overgrep og omsorgssvikt vil det ofte vere nødvendig med eit systematisk og planmessig samarbeid mellom instansane over tid. Det er viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen.

Sentrale samarbeidspartnarar vil vere dei instansane som til ei kvar tid er involvert rundt barnet/ungdommen, som barnehage/skule, fastlege, barnevern, helsestasjon og skulehelseteneste, kommunal psykisk helseteneste, PPT og fysio-/ergoterapiteneste.

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.             

Medverking og samtykke

All oppfølging av barn og unge må vere basert på samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Ungdom over 16 år skal sjølv samtykke til både utgreiing og behandling i BUP. Yngre barn har rett til å uttale seg om helsehjelpa både før tilvising og ved oppstart av behandling. I tråd med barnekonvensjonen må rettane til medverknad som barnet/ungdommen har, bli sikra ved at han/ho får informasjon, og får uttale seg om alle avgjerder som blir tatt. Les meir om korleis ein kan ivareta rettane til barnet/ungdommen her: Barn og unges rett til medvirkning (bufdir.no).

Føresette skal som hovudregel vere involvert i alt samarbeid rundt barn/ungdom. I kartlegginga er det tilrådeleg med ei samtale aleine med føresette då desse kjenner barnet/ungdommen best og skal følge opp barnet/ungdommen. Føresette kan spele ei avgjerande rolle i å understøtte tiltaka og bør vere involvert i oppfølginga i samråd med barnet/ungdommen det gjeld.​





Fann du det du leita etter?