Smertepoliklinikk

Tverrprofesjonelt tilbod til pasientar med langvarige ikkje maligne smerter.

Vi skal yte tenester til pasientar med smerteplager med kronisk preg, eller fare for kornifisering med målsetting om å lindre smerter og/eller gi betre smertemestring. Tilbodet vert tilpassa den einskilde sitt behov, med tilbod om systemisk arbeid og ambulante tenester.

Meir om vårt tilbod

Smertepoliklinikk

For å trygge breidde i vurdering og tiltak, er det i poliklinikken;

  • lege
  • psykolog
  • fysioterapeut
  • sosionom
  • sjukepleiar

Ved behov vil andre faggrupper med naudsynt spesialkompetanse verte konsultert.

Organisering, drift og bemanning føl nasjonale retningslinjer og tilrådingar og bygger på velkjente og anerkjente metodar for undersøking og tiltak. Smertepoliklinikken skal jobbe tverrprofesjonelt og pasientretta.

Tilvisingane merkast «Smertepol.»


For best mogleg inntaksvurdering treng vi gode tilvisingar med opplysningar om;

  • Karakter, lokalisasjon, og lengde på smertetilstand
  • Fysisk, psykisk og sosial funksjon
  • Familiefaktorar og omsorgsoppgåver
  • Ledsagande emosjonelle vanskar
  • Arbeidstilknyting
  • Pågåande, uavklart trygde-/forsikringssak
  • Tidlegare eller pågåande rusåtferd
  • Tidlegare og pågåande medikamentell behandling
  • Tidlegare vurdering ved smerteklinikk
  • Motivasjon for tverrfagleg tilnærming / biopsykososial modell

Tilvisingane vert vurdert fortløpande og alle pasientar vert kontakta innan 10 dagar etter motteke tilvising for avklaring av behov og avtale for oppmøte/undersøking. Det er ei uttalt målsetting at behandlingsperioden skal vere avgrensa og kompakt, utan fleire konsultasjonar og reiser enn tenleg. Konsultasjonsserien med undersøking og tiltaksplan vil bli avslutta med tverrfagleg tilbakemelding. Fastlege og dei pas. måtte ønskje å ha med seg vil få høve til å delta, eventuelt via videokonferanse.

Kontakt

Telefon
578 39 163 (pasientar)
Postadresse
Helse Førde, Smertepoliklinikken, postboks 1000, 6807 Førde.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.