Forandringsfabrikken - Mitt Liv

Samarbeid forandringsfabrikken, Mitt Liv prosjektet

Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde har sidan hausten 2016 delteke i eit utviklingsarbeid med forandringsfabrikken og PsykiskhelseProffene. Førde BUP har delteke i heile prosessen. I løpet av prosjektet har det vore viktige diskusjonar om barnesyn, verdiar og kva som må vere grunnlaget for god profesjonalitet. Proffane har også føreslått arbeidsmåtar til utprøving. Vi har valt og prøvd ut arbeidsmåtar, justert dei og gitt tilbakemeldingar på kva som fungerer godt, og kva som er utfordrande. Bygd på erfaringane frå dette har fagfolk frå heile landet og PsykiskhelseProffer våren 2018 saman laga anbefalingar til god praksis i psykisk helsevern. Fokuset er på eit psykisk helsevern som kjennest trygt og nyttig for barn og unge. Anbefalingane er til arbeid både i poliklinikkar og sengepostar.

I løpet av samarbeidet har vi mellom anna blitt einige med proffane om følgande verdiar som ein tenkjer skal ligge til grunn for arbeidet i BUP:

 

Openheit:

Vi deler av oss sjølv, eigne opplevingar og erfaringar.

Vi er opne om kva for moglegheiter som finst for behandling.

Vi er opne om kva vi som fagfolk tenkjer er til best hjelp for barnet.

 

Samarbeid:

Vi lyttar til barnet sine beskrivingar av det som kjennest strevsamt eller vondt.

Vi inviterer barnet til å dele synspunkt på behandling.

Vi har barnet som næraste samarbeidspartnar, i alt samarbeid mellom fagfolk.

 

Audmjukheit:

Vi snakkar til barn i BUP som til andre barn på ein naturleg og forståeleg måte.

Vi er undrande i møte med barn.

Vi møter barn med eigne følelsar og naturlege reaksjonar.

Vi innrømmer feil og seier unnskyld.

 

Kjærleik:

Vi har varme auge, varme ord og varmt kroppsspråk.

Vi bryr oss oppriktig, slik at barnet kjenner det.

Vi løfter fram barnet sine styrker og kva barnet får til.

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.