DPS-døgn - Tronvik

DPS døgn, Tronvik har 9 sengeplassar, og to brukarstyrde senger. Vi høyrer til psykiatrisk klinikk i Helse Førde og er ein del av det distriktspsykiatriske senteret (DPS) for 13 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Vi held til på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Brosjyre-DPS-døgn-Tronvik.jpg
TRONVIK: Ei avdeling av psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

Ønskjer du hjelp frå oss kan du kontakte fastlegen, eller du kan bli tilvist frå psykiatrisk poliklinikk eller andre avdelingar i Helse Førde. Hos oss kan du få korttidsopphald, krisehjelp samt tilbod om lengre tids behandling og opptrening. Dei som har tilbod om brukarstyrt seng kan kontakte døgnposten direkte.

Behandlingstilbod/målsetjing

Målet med behandlinga er å lindre sjukdom og betre helsa og livskvaliteten. Du skal bli betre i stand til å meistre dagleglivet og å ta ansvar for livet ditt.

Brukarmedverknad er sentralt hos oss. Det inneber at kvar enkel pasient er med på å utforme si eiga behandling, og alle får tilbod om individuell plan/kriseplan. Din eigen innsats er medverkande til betre helse.

Samvær, samtalar og fysisk aktivitet er viktige faktorar for å oppleve auka sjølvinnsikt og situasjonsforståing.

Vi tilbyr:

  • Individuelle samtalar med behandlar, miljøpersonale og sosionom
  • Miljøarbeid – sosialt samvær og hjelp i det daglege
  • Gruppeterapi
  • Samarbeid med pårørande eller andre som er viktige for deg
  • Ulike aktivitetstilbod, som handarbeid, glaskunst, snekring, kinoturar eller andre kulturtilbod
  • Fysisk aktivitet i form av turar i nærområdet, individuell trening og gruppetrening i gymsal og symjehall

Kompetanse

I personalgruppa har vi psykiater, psykolog, sjukepleiarar, sosionom, hjelpepleiarar, assistentar, helsesportspedagogar og aktivitørar.

Primærgruppe og behandlar

Ved innlegging får du ei primærgruppe som skal ivareta ditt behandlingsopplegg og dine interesser. Primærgruppa består av miljøpersonale og behandlar. Du får ein til to samtalar i veka med din behandlar.

Sosionomtenester

I samarbeid med ditt lokale NAV-kontor er sosionomen si oppgåve å tilrettelegge i høve økonomi, arbeid, utdanning etc. Sosionomen er tilgjengeleg for å hjelpe deg med lover og rettar.

Kontrollkommisjonen

Kjem på både planlagde og spontane besøk. Dersom du ønskjer å snakke med kontrollkommisjonen når dei ikkje er her, kan vi hjelpe deg å opprette kontakt. Lista over kven som sitt i kommisjonen heng på sengeposten.

Medisinar

Du skal berre nytte medisinar som er ordinert av lege i sengeposten og som blir delt ut av sjukepleiar. Medisin du har med deg skal leverast inn og blir oppbevart på medisinrom.

Rom

Du vil få eige rom med bad/toalett. Du held sjølv rommet ditt i orden. Kleda dine kan du vaske i vaskemaskin på avdelinga.

Internett

Vi har trådlaust nettverk og stasjonær PC.

Besøk

Vi har ingen faste tider til besøk, men vi ønskjer at personale er informert slik at vi kan vere tilgjengeleg for spørsmål eventuell samtale. Ønskjer besøket ditt å overnatte, kan vi ordne det. Besøket har høve til å kjøpe seg mat.

Pengar og verdisaker

Sengeposten har ikkje ansvar for ev. verdisaker og pengar under opphaldet. Vi tilrår at du ikkje låner pengar eller verdisaker av medpasientar, men skulle du likevel gjere det, er dette ditt val og ditt ansvar.

Døgnrytme

07.00                 Vaktskifte og rapport til dagvaktene
08.00 - 08.30    Frukost og medisinutdeling (Lør/søn: 08.00 – 09.30)
08.45 - 09.00    Morgonmøte og lett trim for personale og pasientar
09.30 - 11.00    Ulike former for aktivitetar/behandling tilpassa den enkelte
11.00 - 11.30    Felleslunsj
11.30 - 14.00    Ulike formar for aktivitetar/behandling tilpassa den enkelte
14.00 - 14.30    Vaktskifte og rapport
14. 30 -15.00    Middag og medisinutdeling
16.30 - 17.00    Kaffi og frukt
17.00                 Sosialt samvær eventuelt andre aktivitetar
19.30 - 20.00    Kveldsmat og medisinutdeling
20.00 - 23.00    Sosialt samvær eventuelt andre aktivitetar
23.00                 Ro på sengeposten

Måltid

Måltida vert serverte i matsalen, utanom lunsj som vert servert på fellesrommet. Vi forventar at du møter til fellesmåltida. Kaffi, te, saft, vatn og frukt står framme i heile tida som du kan forsyne deg med. Du kan smøre deg niste under måltida.

Pakkeliste – kva bør du ha med deg?

  • Klede og sko til trening og tur (eventuelt også symjeklede) samt ein liten tursekk.
  • Toalettsaker
  • Regnklede og støvlar
  • Kodebrikke til nettbank eller BankID på mobil*

Handklede og sengetøy får du i sengeposten.
* til bruk i vårt tilbakemeldingssystem, der du svarar elektronisk på ei rekkje spørsmål om korleis du har det og om behov du har knytt til behandlinga.

Utlån av utstyr

Du kan låne ski/sko, sykkel og fjellsko ved behov.

Personvern

Av omsyn til dine medpasientar skal du ikkje fotografere eller filme.

Vis respekt for andre sitt privatliv og deira private eigedelar. Pasientar har ikkje tilgang til medpasientar sine rom utan at dei er tilstade sjølve.

Permisjonar og utgang

Permisjon kan vere ein viktig del av behandlinga og vert avtalt med din behandlar.

Du må seie frå når du går frå sengeposten. Du har ansvar for å vere på sengeposten mellom kl. 22.00 og kl. 08.00 dersom ikkje anna er avtalt.

Transport/bil

Helseføretakas senter for pasientreiser dekker utgifter du har ved reise til DPS døgn Tronvik og heimreisa. Du må fylle ut eit reiseskjema. Spør oss om du har trong for hjelp med skjemaet.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​