I større grad enn tidlegare er det no opna for at spesialisert medisinsk behandling kan skje utanfor sjukehuset, mellom anna i heimen til pasientane, på skule og i barnehage og kommunale institusjonar.
Seksjon for Medisinsk heimebehandling – med 7 tilsette - har som hovudoppgåve å koordinere det som må gjennomførast for å få iverksett medisinsk heimebehandling på ein trygg måte - basert på initiativ teken av legespesialist.
Våre hovudoppgåver omfattar m.a. :
- oppretting av utstyr/varelister basert på søknad frå spesialist, og iverksetting av heimebehandlingstiltak i samråd med rekvirerande avdeling
- koordinerande dialog med helsepersonell i og utanfor helseføretaket
- dialog med pasient og pårørande for planlegging av heimebehandlinga
- oppfølging av heimebehandlingstiltak når det er trong for det, via vårt ambulante team
Heimebasert behandling er eit område i raskt vekst, og ein reknar med auke i trongen for desse tenestene på mellom 10 – 15 % årleg.
Om lag 6000 menneske i Helse Førde sitt driftsområde (Sogn og Fjordane) får i dag medisinsk heimebehandling. Med tanke på at både pårørande og helsepersonell direkte eller indirekte er involvert i behandlinga, yter vi etter måten tenester til ein stor del av befolkninga i fylket.
Medisinsk heimebehandling kan omfatte dialysebehandling, heimerespiratorbehandling, behandling av søvnapné, langtids oksygenbehandling, behandling av diabetes m.m.
For utfyllande liste over etablerte heimebehandlingstiltak, sjå våre heimesider:
Meir informasjon om ordninga, tenesta og utstyret på medhb.no
Søknadsskjema for oppstart av medisinsk heimebehandling
- for utfylling av spesialist