HELSENORGE

Oppfølging av heimebuande oksygenbrukarar

Enkelte sjukdomar kan føre til at ein får for lite oksygen i blodet. Det kan då vere aktuelt å tilføre ekstra surstoff. Før slik behandling blir sett i gang, må du til undersøking hos ein spesialist. Slik behandling krev oftast eit tett samarbeid mellom den det gjeld, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Helse Førde gjev tilbod om oppfølging til heimebuande som får langtids oksygenbehandling.

​Lærings- og meistringssenteret har sjukepleiar med særskild kompetanse i lungefaget. Ho tilbyr heimebesøk ein gong i året til personar som får langtids oksygenterapi i heimen.

I dei tilfella heimkommunen har oppretta ein lokal oksygenkontakt deltek og dei på heimebesøket. Under heimebesøket kan brukaren mellom anna få utført lungefunksjonstest og målt oksygeninnhaldet i blodet og sjekka at utstyret fungerer slik det skal.

Brukaren og/eller deira pårørande er velkomne til å ta kontakt ved spørsmål knytt til oksygenbehandling.

Oksygenkontakter i Sogn og Fjordane

Oksygen på reisaLHL

NAAF.no - filmar om KOLSDu finner mer informasjon og opplæringsvideo om oksygen og inhalasjonsutstyr på medisinsk heimebehandling sin nettstad​.

pust deg bedre​

​Kontaktinformasjon

Nina Johnsen Midtbø

Telefon 57 75 10 00

Mobil 415 30 549

Fann du det du leita etter?