Vi bygger for tida om i våre lokale, og dette kan medføre litt støy og rot. Beklager dei ulempene det kan føre til.
Poliklinikk
Som fysikalsk-medisinsk poliklinikk er dette først og fremst eit tilbod til deg med langvarige muskel-skjelettsmerter som ikkje skuldast ortopediske, revmatologiske eller nevrologiske lidingar/ tilstandar. Du vil kunne tilvisast for diagnostisk avklaring og behandling/rehabilitering, dersom fastlege/primærlege treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for å kome vidare.
Dei smertetilstandane som hyppigast vert tilvist til oss er:
- utbreidde muskel-skjelettsmerter
- nakkesmerter
- skuldersmerter
- ryggsmerter
- bekkensmerter/ hoftesmerter
- smertetilstandar i ekstremitetar.
Hos mange pasientar vil bakanforliggjande problemstillingar ofte vere komplekse og samansette, og du vil då kunne ha nytte av tverrfagleg utgreiing/behandling/rehabilitering. Utanom legespesialist, har vi også tilgang på sosionom, ergoterapeut, og fysioterapeut, som vil delta etter behov.
Som rehabiliteringspoliklinikk vil vi kunne tilby polikliniske vurderingar av dei som er innanfor målgruppene for rehababilitering sengepost, i dei tilfella dette ikkje kan takast hand om i kommunehelsetenesta.
Dagbehandling
Pasientar med kroniske helseplager som treng behandling i sekvens over kort tid tilbyr vi dagbehandling. Desse pasientane bur i pasienthotellet og mottek behandling som polikliniske pasientar over fleire dagar kvar veke, oftast avgrensa til 3 veker. Behandlinga vil vere ved ulike yrkesgrupper alt etter problemstilling og målsetting.
Rehabiliteringsopphald på sengepost
Dette er mest aktuelt dersom du har hatt eit akuttopphald på sjukehuset, i hovudsak for slagpasientar, hovudskadepasientar, multitraumepasientar, pasientar med ryggmargsskade, multiorgansviktpasientar, og amputasjonspasientar.
Rehabiliteringsopphald på sjukehus er aktuelt når det er eit særskilt behov for kompetanse, intensitet i tilbod, eller tilgang på spesialisert utstyr til bruk i rehabiliteringa. Det er ein føresetnad for opphaldet at du vert vurdert å ha eit rehabiliteringspotensiale. Pasientar som normalt skal rehabiliterast i kommunehelsetenesta, vil ikkje bli prioriterte.
Gruppebasert individretta rehabiliteringstilbod
Til pasientar med langvarige muskelsmerter/muskelsmertetilstandar:
Poliklinikk vår i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Florø har starta opp med eit gruppebasert rehabiliteringstilbod til pasientar med langvarig muskelsmerteproblematikk. Opplegget vil vere ein dag kvar veke i til saman sju veker.
Meir informasjon om opplegget kan ein få ved å kontakte FMR poliklinikk, eller LMS Florø. Informasjonsbrosjyrer vert også sende til fastlegane i fylket.
HelseIArbeid
HelseIArbeid er eit samarbeid mellom helsetenesten og NAV med satsing på førebyggande og helsefremmande tiltak knytt til muskel-, skjelett- og psykiske plagar. Samarbeidet er organisert i bedriftstiltaket og individtiltaket.
Meir om HelseIArbeid
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter
Helse Førde har ein samarbeidsavtale med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter om tverrfagleg spesialisert rehabilitering, og her kan dei ta imot pasientar med større hjelpebehov (Barthel ADL score ned til 6). Ved innsøking må det orienterast om funksjonsnivå og behov for assistanse.
Sjå meir om dette på Hauglandsenteret sine sider