Dei tilsette i avdelinga er i hovudsak lokalisert ved Førde Sentralsjukehus, men vi har og fagpersonar ved føretaket sine lokasjonar i Lærdal, Nordfjordeid og Florø. Her er nokre av våre mange tilbod:
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering har fleire roller og målgrupper knytt til behandling, rehabilitering og meistring av kronisk sjukdom.
I samarbeid med pasientar, pårørande, organisasjonar, kommunar og helseføretaket bidrar vi med praktisk støtte og kompetanse i opplæring om helsefremmande åtferd og korleis ein best kan leve med kronisk sjukdom.
I våre to poliklinikkar gir vi behandling og støtte til pasientar som har, eller står i fare for å utvikle, kroniske smerter og nedsett funksjon.
Lærings- og meistringssenteret
Fysikalsk medisin og rehabilitering
Smertepoliklinikk
Klinisk fysioterapi og førebygging
Klinisk fysioterapi og førebygging sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle og funksjon. Klinisk fysioterapi er viktig både i den akutte fasen etter alvorleg sjukdom, ved kronisk sjukdom, før og etter operative inngrep, og i rehabiliteringsprosessen.
Avdeling for klinisk fysioterapi og førebygging
Ergoterapi og velferdsteknologi
Ergoterapi og velferdsteknologi yter tenester til pasientar i dei fleste somatiske poliklinikkar og døgnpostar ved alle sjukehusa i Hele Førde. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til å vurdere og behandle pasientar som opplever utfordringar knytt til aktivitet i kvardagen.
Avdeling for ergoterapi og velferdsteknologi
Medisinsk heimebehandling
Medisinsk heimebehandling har som hovudoppgåve å koordinere oppgåvene som må gjennomførast for å få iverksett heimebaserte spesialisthelsetenester.
Avdeling for medisinsk heimebehandling