Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Gjennom mandat frå Helse Vest RHF er Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest tildelt funksjonen som regional koordinerande eining.

Funksjonen til den regionale koórdinerande eininga er forankra i Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. For å oppfylle funksjonen som regional koordinerande eining, har kompetansesenteret mellom anna knytt til seg rådgjevar med bindeleddsfunksjon i Helse Førde. Bindeleddsfunksjonen er organisatorisk forankra i Helse Førde sitt Lærings- og meistringssenter.

I tråd med forskrifta har den regionale koordinerande eininga opparbeidd oversikt over, og naudsynt kontakt med habiliterings- og rehabiliteringstjenesta i kommunane (koórdinerande einingar) og i spesialisthelsetenesta i Helse Førde sitt føretaksområde. Oversikta utgjer eit kontaktnettverk. Kontaktnettverket skal ha ein Møteplass som skal vere eit forum for informasjon, erfaringsutveksling og samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Møteplassen skal vere ein arena for å styrkje arbeidet for utvikling av, samarbeid om, og synleggjering av tenestetilboda innan habilitering og rehabilitering i fylket.

Med bakgrunn i ordninga med Møteplass er det etter initiativ frå Helse Førde utarbeidd ein delavtale knytt til Møteplass med hovudforankring i dei koórdinerande einingar for kommunane, dei private rehabiliteringsinstitusjonane og andrelinjetenesta i Sogn og Fjordane (Helse Førde sitt føretaksområde). Møteplassen vil vere ein del av dei formelle samarbeidsstrukturane mellom brukarorganisasjonane, kommunane og spesialisthelsetenesta (inkludert private rehabiliteringsinstitusjonar) i fylket.

Vi har starta arbeidet med å etablere eit arbeidsutval med representantar frå både første-/andrelinjetenesta og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Arbeidsutvalet har eit særskilt ansvar for å bidra til utarbeiding av program og møteplan for Møteplassen.

Kontaktinformasjon

Maria Ljunglöf
Rådgjevar
Koordinerende eining Helse Førde HF
57 83 98 72 / 414 89 399

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​