Pasient- og pårørande opplæring

For å kunne sikre den faglege kvaliteten er Lærings- og meistringssenteret (LMS) avhengige av eit godt og måretta samarbeid både med ulike kliniske avdelingar/fagområde i spesialisthelsetjenesta, og med representantar i det kommunale hjelpeapparatet.

Lærings- og meistringssenteret kan vere med å yte tenester og støttefunksjonar i samband med både planlegging, gjennomføring og evaluering av pasientopplæring/lærings- og meistringsaktivitetar.

Både ideologien og dagens organisering i Helse Førde i høve til lærings- og meistringsaktivitetar er bygd opp rundt at dei ulike avdelingane/fagområda ivaretek kursleiarrolla på dei kursa som er knytt til "deira brukargruppe". Erfaringsmessig viser det seg at det er viktig at personar med kjennskap til utfordringar/problemstillingar er til stades på arrangementa for å kunne svare på/følge opp spørsmål som dukkar opp undervegs.

Standardmetode

Helsepersonell har fagkompetanse, medan erfarne brukarar – pasientar og pårørande – har viktig kunnskap om korleis det er å meistre sjukdomen i kvardagen. For å skape gode læringstilbod, er det vesentleg at helsepersonell og erfarne brukarar samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av kursa. LMS skal bidra til utvikling av gode metodar for kunnskapsformidling og sikre brukarmedverkning.

Standard metode

På senteret kan du finne informasjon om kroniske sjukdomar og funksjonshemmingar og om ulike interesseorganisasjonar. Vi har eit rikt utval av medlemsblad frå ulike organisasjonar og kan hjelpe til med å finne relevant informasjon. Både brukarar, pårørande og fagpersonell kan ta kontakt.

Nettverk for læring og meistring i Helse Vest

Nyttige lenkjer

Samordningskalendaren i Sogn og Fjordane

Sjå filmen: Samhandling om lærings- og meistringstilbod

Ruteinformasjon

Hefte til brukarrepresentantar

Aktuelt

Pårørandesenteret: Skal vi slå av ein chat?

Lær om ulcerøs kolitt

Lær om Chrons sjukdom

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​