Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Gjennom mandat frå Helse Vest RHF er Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest tildelt funksjonen som regional koordinerande eining.

Funksjonen til den regionale koórdinerande eininga er forankra i Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. For å oppfylle funksjonen som regional koordinerande eining, har kompetansesenteret mellom anna knytt til seg rådgjevar med bindeleddsfunksjon i Helse Førde. Bindeleddsfunksjonen er organisatorisk forankra i Helse Førde sitt Lærings- og meistringssenter.

I tråd med forskrifta har den regionale koordinerande eininga opparbeidd oversikt over, og naudsynt kontakt med habiliterings- og rehabiliteringstjenesta i kommunane (koórdinerande einingar) og i spesialisthelsetenesta i Helse Førde sitt føretaksområde. Oversikta utgjer eit kontaktnettverk. Kontaktnettverket skal ha ein Møteplass som skal vere eit forum for informasjon, erfaringsutveksling og samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Møteplassen skal vere ein arena for å styrkje arbeidet for utvikling av, samarbeid om, og synleggjering av tenestetilboda innan habilitering og rehabilitering i fylket.

Med bakgrunn i ordninga med Møteplass er det etter initiativ frå Helse Førde utarbeidd ein delavtale knytt til Møteplass med hovudforankring i dei koórdinerande einingar for kommunane, dei private rehabiliteringsinstitusjonane og andrelinjetenesta i Sogn og Fjordane (Helse Førde sitt føretaksområde). Møteplassen vil vere ein del av dei formelle samarbeidsstrukturane mellom brukarorganisasjonane, kommunane og spesialisthelsetenesta (inkludert private rehabiliteringsinstitusjonar) i fylket.

Vi har starta arbeidet med å etablere eit arbeidsutval med representantar frå både første-/andrelinjetenesta og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Arbeidsutvalet har eit særskilt ansvar for å bidra til utarbeiding av program og møteplan for Møteplassen.

Individuell plan

Individuell plan

Individuell plan - mal

Møteplass

26. oktober vart Møteplassen 2017 for Koordinerande einingar og samarbeidspartnarar arrangert. Tema var "Overgangen barn til vaksen".

Eit tett og interessant program vart gjennomført med representantar frå kommunar, spesialisthelsetenesta og brukarorganisasjon tilstades.

Takk til alle deltakarar og bidragsytarar. Her er presentasjonar gjort tilgjengelege:

Invitasjon til Møteplass for habilitering og rehabilitering 2017.docx

Velkomen til Møteplassen, ved Maria Ljunglöf.KE Helse Førde.pptx

Overgangar, ved Jorunn A. Albrektsen, KE Sogndal kommune.ppt

Presentasjon ved barnehabiliteringa.pptx

Presentasjon ved vaksenhabiliteringa.pptx

Ungdomsmedisin ved barneavdelinga i Helse Førde.pptx

Kontaktlege/psykolog, ved fagdirektøren i Helse Førde 

Kontaktinformasjon

Maria Ljunglöf
Rådgjevar
Koordinerende eining Helse Førde HF
57 83 98 72 / 414 89 399

Nettverk for koordinerande eining i helseføretaket

Koordinerande einingar i Sogn og Fjordane

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering


Forskrift

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinering

Rehabilitering og habilitering i Helse Førde

Pasient- og pårørandeopplæring

Habiliteringstilbod barn og unge

Habiliteringstilbod til vaksne

Private rehabiliteringsinstitusjonar

Private rehabiliteringsinstitusjonar

Nyttige lenkjer

Regional koordinerande eining

Regional vurderingseining for rehabilitering

Private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med Helse Vest

Helsebiblioteket om habilitering og rehabilitering

Rettleiar om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator














Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.