Til deg som tek utstyr med på reise

​Er du på reise i Noreg og det oppstår feil ved medisinsk teknisk utstyr, ta kontakt på telefon 57 83 15 40 kvardagar 09.00-14.00.

Forbruksmateriell kan bestillast hos utstyrsformidlar for behandlingshjelpemiddel på telefon 57 83 15 40 kvardagar 09.00-14.00. Dersom du held deg i andre områder i Noreg, vil vi formidle kontakt med gjeldande behandlingshjelpemiddeleining.

På reise gjeld følgjande:

  • Utstyret må pakkast forsvarleg. Skal transporterast som handbagasje eller spesialbagasje.

Helse Førde HF er økonomisk ansvarleg for det utstyret som ligg under helseføretaket sitt «sørge for» ansvar til heimebuande pasienter så lenge dei oppheld seg i Noreg, jfr. spesialisthelsetenestelova § 1-2, 2-1a og pasientrettigheitslova § 1-2.

Vel du å ta med utstyr ut av landet og det oppstår feil ved utstyret, har ikkje Medisinsk Teknisk Avdeling høve til å hjelpe deg før du er tilbake i Noreg.

Vi råder til at utstyret blir verdiforsikra under utanlandsreiser. Ordinær reiseforsikring dekkjer ikkje nødvendigvis slikt utstyr, sjekk forsikringsvilkåra. Du kan sjølv bli halden økonomisk ansvarleg for skade og tap av utstyret som skuldast uaktsomheit eller forsett.

Før du reiser utenlands anbefalar vi også:

  • Bestill Europeisk helsetrygdkort (www.helfo.no). Kortet gir rett til naudsynt helseteneste under midlertidig opphald i eit anna EØS-land. Dine rettar blir avgjerande etter reglane i opphaldslandet.
  • Du bør teikne ei reiseforsikring som dekkjer helseutgifter.
  • Forbruksmateriell:
    Vi sender forbruksmateriellet til di norske adresse, du har sjølv ansvar for å få det sendt derifrå til di nye adresse i utlandet.

Med vennleg helsing
Behandlingshjelpemiddel Helse Førde

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.