Til deg som har fått behandlingshjelpemiddel frå Helse Førde

  • Ved spørsmål om endringar i sjølve behandlinga, kontakt den kliniske avdelinga du er knytta til, kvardagar 09.00-14.00.
  • Ved feil på teknisk utstyr, kontakt medisinsk-teknisk avdeling kvardagar 09.00-14.00.
  • For uttak av forbruksmateriell, kontakt lageret ved Førde Sentralsjukehus kvardagar 09.00-14.00.
  • Har du spørsmål om ulike behandlingshjelpemiddel, kontakt behandlingshjelpemiddelkoordinator kvardagar 08.00-15.30.
  • Hugs at du må oppgje saksnummer, varenummer og tal ved bestilling av varer. Desse opplysningane finst på vedtaket/rekvisisjonen eller pakkseddelen din.
    Lageret sender varene i posten til registert adresse, om ikkje anna vert avtalt.
  • Vær venleg å gje lageret beskjed 14 dagar før du treng varene, dette i tilfelle dei må bestillast.
  • Det er og viktig å gje lageret beskjed ved adresseendring, og om forbruket av forbruksmateriell endrar seg (om du treng meir/mindre).

Telefonnummer Helse Førde
Sentralbord 57 83 90 00
Utstyrsformidlar for behandlingshjelpemiddel
ved forsyning/lageret 57 83 94 22/ e-mail adr: bhjm.lager@helse-forde.no

Med.teknisk avdeling 57 83 98 64
Behandlingshjelpemiddelkoordinator 57 83 98 71

Med ønskje om godt samarbeid
Helsing frå Behandlingshjelpemiddel Helse Førde

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.