Behandlingshjelpemiddel

Det har skjedd ei utvikling der spesialisert medisinsk behandling kan skje heime hos pasientane. Dette gjeld mellom anna heimerespiratorbehandling, behandling av søvnapné og langtids oksygenbehandling. Heimebasert behandling er eit område i raskt vekst både i forhold til behov, kompetanse og teknologisk utvikling.

​Behandlingshjelpemiddel nyttast for å betre pasienten sin medisinske tilstand og er ein del av behandlingskjeda innanfor spesialisthelsetenesta. Behandlinga skjer ved bruk av utstyr utanfor sjukehus, mellom anna i heimen til pasientane, på skule og i barnehage og på kommunale institusjonar. Behandlingshjelpemidla er eigd av helseføretaket og blir lånt ut til pasientar etter søknad frå legespesialist. Kliniske avdelingar som utleverer utstyr på sjukehusa utfører dei oppgåvene som er naudsynte for at pasientane får spesialisert medisinsk behandling i heimen i samarbeid med kommunehelsetenesta og eksterne leverandørar. I dette ligg også ansvar for opplæring i bruk av utstyret til pasientar, pårørande eller kommunalt hjelpeapparat.

Omlag 4000 menneske i Sogn og Fjordane får i dag tenester frå behandlingshjelpemiddelordninga i Helse Førde. Med tanke på at både pårørande og helsepersonell direkte eller indirekte og er involvert i behandlinga, yter vi etter måten tenester til ein stor del av befolkninga i fylket.

SøknadsskjemaTil deg som har fått behandlingshjelpemiddel frå Helse Førde Til deg som tek med utstyr på reise

Kontaktinformasjon

Seksjon for behandlingshjelpemiddel

57 83 15 40/ 90 17 46 44