Ambulant rehabiliteringsteam

Ambulant rehabiliteringsteam består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. Vi er organisert i Lærings- og meistringssenteret (LMS), Medisinsk klinikk Helse Førde HF, og er lokalisert på Vie Senter like ved Førde sentralsjukehus.

Ordet ambulant kjem frå latin og betyr å vandre/reise. Rehabilitering inneber å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstendighet og deltaking sosialt og i samfunnet etter sjukdom eller skade.

Vi i ambulant rehabiliteringsteam reiser dit brukaren er i staden for at brukaren må reise dit hjelpeapparatet er. Vi kan hjelpe brukaren til betre å meistre livet sitt, og følge denne opp i eigen heim, og ved opphald på ulike institusjonar og nivå i helsetenesta.

Kven kan få hjelp frå oss?

Vaksne (over 18 år) med funksjonshemming og kroniske sjukdomar, som har langvarige og samansatte utfordringar, og treng tverrfaglig bistand. Målgruppa er ikkje begrensa til enkelte diagnosar. Pårørande og hjelpeapparatet rundt brukaren kan og få støtte, rettleiing og hjelp frå oss.

Brukaren kan tilvisast frå kommune eller sjukehus. Brukaren og/eller deira pårørande er og velkomne til å ta kontakt. Du kan ta direkte kontakt pr. telefon, eller ved skriftleg henvending.

Vi skal arbeide for?

At menneske med funksjonshemming og kroniske sjukdomar opplever å få ein koordinert, systematisk og individuell rehabiliteringsprosess basert på eigne mål og ønskjer bidra til at brukar er aktivt deltakande i utforming av tjenestetilbodet at rehabiliteringstilbodet blir gjeve på rett tenestenivå og til rett tid at overføringar mellom sjukehus og kommune blir gjennomført på ein god måte.

Kva kan vi bidra med?

I samarbeid med brukar, pårørande, kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste kan vi:

  • delta i kartlegging av brukar sin situasjon, funksjon og omgjevnader bidra med råd, rettleiing og støtte i planlegging og organisering av tenester rundt brukar og deira pårørande
  • vere støttespelar i oppstart, gjennomføring og evaluering av individuell plan
  • ta del i tverrfaglege møter i kommunen eller på sjukehus

Andre oppgåver:

  • bidra til nettverksbygging innan rehabiliteringsfeltet i Sogn og Fjordane
  • skape møteplassar for brukarar, pårørande og hjelpeapparat saman med Lærings- og meistringssenteret
  • ha oversikt over tenestetilbodet og organisering av rehabiliteringstenestene i kommunane, og i sjukehusa i Sogn og Fjordane
  • bidra med opplæring av brukarar, pårørande og hjelpeapparat
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​