Samhandling og tverrprofesjonelle tenester

Stadig fleire får kroniske sjukdommar og/eller nedsett funksjonsevne. Opplæring av pasientar og pårørande er ei av spesialisthelsetenesta sine fire hovudoppgåver.

Dette blir avspegla både i nasjonale, regionale og lokale føringar. I Helse Førde er Lærings- og meistringssenteret tillagt ein støttefunksjon knytt til gruppebasert opplæring for alle kliniske avdelingar hos oss (samt i Florø, Lærdal og på Nordfjordeid).

Våre kurs finn du under på denne sida.

Les meir om Samhandling og tverrprofesjonelle tenester

Samhandling og tverrprofesjonelle tenester

Denne typen helsetenester krev brei tverrfagleg tilnærming og samarbeid på tvers av forvaltningsnivå og avdelingsgrenser. Ein overordna tanke bak pasientopplæring, lærings- og meistringsaktivitetar er at ansvaret i høve til konkrete diagnose/pasientgrupper ligg hos dei aktuelle fagområda. Dei har gjennom lovverket ansvar for pasientopplæring som ein del av sin "behandlingskjede".

Lærings- og mestringssenteret skal bidra til utvikling av gode metodar for kunnskapsformidling og koórdinere pasient- og pårørandeopplæring. Opplæringstilboda skal ha eit tverrfaglig fokus der erfarne brukarrepresentantar og/eller interesseorganisasjonar har ein sentral plass.

Fellesnevnaren for Lærings- og meistringssenteret er at ein i mange samanhengar fungerer som eit bindeledd mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Behandlingshjelpemiddel

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Fysikalsk medisin og rehabilitering

Oppfølging av heimebuande oksygenbrukarar

Pasient- og pårørande opplæring

Helse og arbeid (tidlegare Raskare Tilbake)Nettverk for læring og meistring i Helse Vest Smertepoliklinikk



Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
Vie senter (ved Rema 1000). Like ved Førde sentralsjukehus.
Telefon
57 83 98 70
Telefontid klokka 09.00-12.00 måndag til fredag.
E-post
Postadresse
Helse Førde, LMS, postboks 1000, 6807 Førde.

Arrangement

  • Onsdag 21.08.
    MS (multippel sklerose) kurs

    Nevrologisk avdeling og Lærings- og meistringssenteret arrangerar i samarbeid med brukarrepresentant, 2 dagars kurs for deg som har fått MS og dine pårørande.

  • Måndag 26.08.
    Hjerterehabilitering

    Eit fylkesdekkjande tilbod ved Nordfjord sjukehus.

  • Måndag 09.09.
    Barn med diabetes, Førde 2017-08-28

    Kurs "Barn med diabetes". Opplæring for skule- og barnehagetilsette, helsestasjonar, leiarar i fritidsordningar og idrettslag og andre interesserte.

  • Tysdag 10.09.
    Diabetes type 2 - meistringskurs i Førde

    Medisinsk avdeling, i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentant arrangerer kurs for diabetes type 2 pasientar. Pårørande kan og delta.

  • Tysdag 01.10.
    Glaukomkurs (grøn stær)

    Auge poliklinikk, Lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentant arrangerar i samarbeid opplæringskurs for personar med grøn stær, og deira pårørande.

  • Tysdag 15.10.
    Nyreskulen

    Helse Førde arrangerer Nyreskule om kronisk nyresvikt, dialyse og transplantasjon.

  • Torsdag 17.10.
    Tinnitus

    Helse Førde arrangerar 2 dagars meistringskurs for personar med tinnitus, og deira pårørande.

  • Måndag 21.10.
    Foreldresamling- astma barn

    Barneavdelinga, Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid samling for foreldre som har barn med astma.

  • Onsdag 23.10.
    INR - eigenkontroll av Marevanbehandling

    Helse Førde arrangerer kurs i eigenkontroll av Marevanbehandling. Ein av arrangørane, NOKLUS, har erfaring og kompetanse innan opplæring i eigenkontroll og eigenmåling, og tilbyr eit standardisert og kvalitetssikra tilbod om opplæring.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.