Ressursgruppa for pasientar med ALS og andre liknande pasientgrupper med trong for samansette tenester

Amyotrofisk Lateral Sclerose (ALS)

Amyotrofisk Lateral sclerose (ALS) er ein progredierande nevromuskulær sjukdom. Det er omlag tre personar som kvart år får denne diagnosa i Sogn og Fjordane og ca 10 personar som har diagnosen ALS.

ALS kan nokre gonger utvikle seg raskt, andre gonger langsamt over fleire år. Sjukdomen rammar etterkvart også pusten. Sjukdomen krev rask sakshandsaming, god koordinering og samarbeid mellom alle i hjelpeapparatet. I tillegg til ALS pasientar tilbyr ressursgruppa oppfølging av andre pasientgrupper med komplekse problemstillingar, som til dømes pasientar med behov for heimerespiratorbehandling. Ressursgruppa starta sitt samarbeid i 2005 etter erfart behov om meir heilskapleg tilbod.

Kven er vi:

Fagleg ansvarleg, nevrologi, Stig Hegrestad
Fagleg ansvarleg, lunge, Ole Lervik
Fagleg ansvarleg, anestesi, Rune Larsen
Opplæringsansvarleg heimerespirator, Lisbeth Sommar
Logoped, Rigmor Bjørkedal
Behandlingshjelpemiddelkoordinator, Eli-Nora Lundekvam
NAV hjelpemiddel, rørsle, Christine Hjertholm Granberg
Koordinator nevrologisk avdeling, Wenche Kleppenes
Koordinator ART, Maria Ljunglöf
Medisinsk teknisk ansvarleg, Robert Molde Ueland

Kva kan vi bidra med?

Kompetanse om sjukdom, sjukdomsutvikling og forventa hjelpebehov.

Rådgjevande funksjon til pasient, pårørande og kommune

  • Generell rådgjeving
  • Lovverk og pasientrettar

Koordinerande funksjon, til dømes ved

  • å hjelpe til med å etablere ansvarsgruppe
  • behov for behandlingshjelpemiddel og tekniske hjelpemiddel
  • sikre smidige rutinar ved behov for kontakt med spesialisthelsetenesta.
  • identifisere behov, til dømes når det gjeld bustadsituasjon.
  • etablere avtale mellom aktuelle spesialavdelingar når det gjeld oppfølging og eventuelt heimebesøk, til dømes ved respiratorbehandling.

Kontaktinformasjon

Telefon
57 83 98 70 - 41 53 05 49 - Telefaks 57 83 98 75

E-post: post@helse-forde.no

Opningstider: 08.00 - 15.30

Postadresse:
Helse Førde, LMS, postboks 1000, 6807 Førde

Besøksadresse:
Vie senter (ved Rema 1000), 6807 Førde

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​