Ergoterapi og velferdsteknologi

Vår kjernekompetanse er utgreiing og behandling/trening retta mot funksjonar som er grunnleggande for å meistre samansette aktivitetar i dagleglivet.

Les meir om Ergoterapi og velferdsteknologi

Ergoterapi og velferdsteknologi

Ergoterapi og velferdsteknologi er organisert i Medisinsk klinikk og under avdelinga Samhandling og tverrprofesjonelle tenester. Ergoterapeutane er dagarbeidarar og yter tenester både til polikliniske og inneliggande pasientar, og har lokasjon på Førde Sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og ved Nordfjord sjukehus. Per i dag har vi 6,4 årsverk i Førde, 0,4 årsverk ved Lærdal Sjukehus og 0,6 årsverk ved Nordfjord sjukehus.

Vår kjernekompetanse er utgreiing og behandling/trening retta mot funksjonar som er grunnleggande for å meistre samansette aktivitetar i dagleglivet, og dette gjeld uavhengig av funksjonsnedsetting, skade eller diagnose pasientane har. Vi behandlar pasientane etter tilvising, og samarbeider med avdelinga sitt øvrige personale. Tilvisingar frå andre fagområder i sjukehuset vert behandla ut frå kva slags kompetanse tilvisinga krev.

Kva er ergoterapi?

Ergoterapeutars kjernekompetanse er å medvirke til at mennesker får mulegheit til å være aktivt deltakende. Ergoterapeutane bistår derfor med kartlegging, vurdering og trening av ulike kroppsstrukturar og kroppsfunksjonar som sansing, kognisjon, kommunikasjon, rørsle, motorisk kontroll og handmotorisk funksjon. Hovudfokuset vårt er å kunne hjelpe kvar enkelt pasient til å vere mest muleg sjølvhjelpt, og til å kunne mestre samansette aktivitetar i dagleglivet; både fysisk, psykisk og kognitivt. Ein kartlegger derfor mulegheita til aktivitet og deltakelse gjennom å foreta ei aktivitetsanalyse, og ved bruk av kjende aktivitar vil ein kunne utrede både kognitiv evne og motorisk funksjon (ADL-observasjonar). Det er viktig for oss at det vi gjer gir meining hos pasienten og at fokuset vårt ligg på kvardagsaktiviteten.

I tillegg til pasientbehandlingar er fagutvikling, undervisning og rettleiing til studentar ein stor del av arbeidet vårt.

Eksempel på ergoterapitiltak

  • Utrede, trene, bevisstgjere og informere pasienten og pårørande om kognitive utfall (usynlege vanskar) ved for eksempel hjerneslag.
  • Utrede hukommelsesvanskar og mental svikt ved mistanke om demens.
  • Utrede funksjonssvikt og ressursar i forhold til dagleglivets aktivitetar (ADL).
  • Trene dagleglivets aktivitetar (påkledning, spising, toalettbesøk, lage mat).
  • Tilpassing av ortose og informasjon om trening etter handskade.
  • Kartlegge pasientar med ADL-Taxonomi.
  • Kartlegging av og tilrettelegging for pasientar med KOLS og andre lungelidingar.
  • Gi mulegheit for auka sjølvstende og meistring i kvardagen.
  • Tilrettelegge for aktivitet, finne løysingar i ulike fasar av eit sjukdomsforløp og ved ulike funksjonstap

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er ein samlebetegnelse på teknologiske løysingar der hensikta er å hjelpe brukarane til økt mestring i kvardagen. Desse løysingane kan vere med på å bidra til auka sjølvstende, livskvalitet og samfunnsdeltakelse til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne.

Hos oss jobber vi individretta og brukar blant anna spelteknologi i trening til pasientane. Trening med kommersielle dataspel kan bidra til betring i ADL-funksjonen som følge av at dei fysiske funksjonane betrast. I tillegg ser ein at dataspel også er hensiktsmessig for betring av blant anna balanse, hand- og armfunksjon, kognitiv funksjon og motivasjon. Det blir sagt at dataspel ofte kan gi lik eller bedre effekt enn tradisjonell trening. Eit eksempel på trening med hand –og armfunksjon er at ein kan få inn dobbelt så mange aktive rørsler i affisert hand under ei økt med dataspel enn vanleg tradisjonell trening, i tillegg til overføringsverdi til dagleglivet. Derfor vil ein kombinasjon med dataspel og tradisjonell trening vere effektivt.

Vi ynskjer å legge til rett for at våre pasientar med kognitive utfordringar skal kunne få ein kvardag tilnærma lik den kvardagen dei hadde før det aktuelle. Vi ynskjer derfor å vere behjelpeleg med løysingar som kan gjere kvardagen lettare. Dette kan vi gjere med å blant anna bruke dei hjelpemidla dei allerede har, som f.eks. mobiltelefonen. Eller dei kan introdusert for nye hjelpemiddel som f.eks. kalendere og klokker.


 


Ergoterapi ved ulike avdelingar og sjukehus

Studentar ved ergoterapiavdelinga

Kvart år tek Helse Førde i mot 4 ergoterapistudentar fordelt over 3 praksisperiodar. Studentplassane kan vere på Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus eller ved BHT ( Bedriftshelsetenesta).

Studentpraksisen er regulert i avtale mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Praksisperiodane har ei lengde på 7-11 veker. I denne perioden får dei eigen praksisrettleiar som blir deira kontaktperson under heile praksisen. I løpet av perioden er det mogleg å vere med på fleire avdelingar.

Ergoterapi ved nevrologisk avdeling

Nevrologisk avdeling er lokalisert i 4.etg. i høgblokka. Ergoterapeutane arbeider her med generell nevrologi (bl.a. MS, parkinson, ALS, hjernetumor og traume), hjerneslagspasientar og rehabiliteringspasientar. Eit hjerneslag eller ein annan nevrologisk tilstand får ofte konsekvensar i det daglege, og ergoterapeuten si oppgåve er blant anna å kartlegge pasienten si evne til å utføre aktivitetar som blant anna personleg stell, påkledning og matlaging. For å betre funksjonsnivået tilbyr ergoterapeuten både trening av fysiske og kognitive funksjonar.

I denne avdelinga har ein eit tett samarbeid med andre faggrupper og ein arbeider i tverrfaglege team.

Døme

- Mann 57 år. Jobber 100% som kokk.

- Blodpropp i venstre hjernehalvdel, med utfall på høgre side med lett lammelse både i høgre arm og bein. Han har også utfordringar med utføring av enkle praktiske oppgåver.


Hos ergoterapeuten blei det gjennomført ei aktivitetsanalyse der ein observerte svikt i gjennomføringa av aktiviteter som blant anna kaffikoking, pusse tenner og gre håret; sjølv med den friske handa. Det var òg vanskeleg med rekkefølgje og bruk av gjenstandar.

I denne situasjonen er det også viktig med ei kartlegging og vurdering av korleis pasienten sjølv forstår utfordringane og kva aktivitetar som er viktig for han å kunne mestre i sin nye kvardag. Vidare vil ein bruke hans ressurser i treninga i håp om å kunne hjelpe han til å komme tilbake til jobb, noko som er viktig for pasienten.

Ergoterapi ved handpoliklinikk

Handpoliklinikken er lokalisert i 1.etg. i Svanabygget og har inngang ved hovedheisane. Ergoterapeutane arbeider etter henvisning frå blant anna ortopedisk og revmatologisk avdeling på FSS, samt oppfølging frå andre sjukehus. I tillegg kan fastlegar og kommunale ergo –og fysioterapeutar henvise.

Vi får henvist pasientar med komplikasjonar etter operasjon i hand, men i hovedsak er det pasientar med seneskade, frakturar, nerveskade, artrose og andre revmatologiske tilstandar som behandlast med oppfølging i forhold til trening og tilvirking av ortoser.

Ergoterapeutane har i 2020 eit samarbeidsprosjekt med ortopedisk avdeling, «Nytt forløp for handrehabilitering i Helse Førde». Prosjektet inneber jobbglidning mellom ortoped og ergoterapeut, samt bruk av videokonsultasjon ved enkelte kontrollar.

Ergoterapi ved Nordfjord sjukehus

Det er ansatt ein ergoterapeut i 60% stilling ved Nordfjord sjukehus og ergoterapeuten har desse ansvarsområda:

Eldremedisinsk poliklinikk
Poliklinikken er eit tverrfagleg tilbod for pasientar i Nordfjord som har kognitiv svikt, falltendens og/eller medisinendring. Ergoterapeuten sine oppgåver i teamet er å gjennomføre kognitive testar, kartlegge pasientens bustad, sosiale aktivitetar og interesser, i tillegg til ei ADL-vurdering. Dersom det er behov for oppfølging på kommunalt nivå tek ergoterapeuten kontakt med kommunal ergoterapeut for å vidareformidle behovet. Ergoterapeuten kan også vere til støtte for fastlegen i førarkortvurderingar, med testar som er spesielt utarbeid for dette.

Handterapi
Ergoterapeuten får henvist pasientar frå ortopedisk poliklinikk/avdeling og revmatologisk poliklinikk/avdeling i Førde, i tillegg til skadepoliklinikken på Eid. I nokre tilfeller kjem også henvisningane frå kommunal ergoterapeut/fysioterapeut. I hovudsak følger ergoterapeuten opp pasientar med bøye- eller strekkeseneskade, nerveskader, klemskader, distal radiusfraktur, fingerfraktur, UCL-skade, artose eller andre skader og revmatologiske lidingar. Ergoterapeuten tilpasser ortoser og følger opp i forhold til trening/øvingar. Ergoterapeuten kan også søke om nødvendige hjelpemidler.

KOLS-rehabilitering
To gonger i året blir det gjennomført KOLS-rehabilitering. Den foregår ein dag i veka over 6 veker, og er eit tverrfagleg tilbod med trening og undervisning. Ergoterapeuten underviser både teoretisk og praktisk i energiøkonomisering og arbeidsbesparande metodar. I tillegg har ergoterapeuten ein eller fleire individuelle samtalar med alle deltakarane der ein kartlegger aktivitetar i dagleglivet og bustad. Ved behov blir det tatt kontakt med kommunal ergoterapeut for oppfølging i heimen. Ergoterapeuten kan også søkje om enkle hjelpemiddel.

Medisinsk avdeling
Ergoterapeuten er tilgjengelig for inneliggande pasientar på medisinsk avdeling. Ergoterapeuten kan gjere ei kartlegging av ADL, kognitiv funksjon, vurdere svelgfunksjon/svelgtrening, posisjonering i seng og trykkavlastning for å forhindre trykksår. Ergoterapeuten kan også setje i gang søknad om hjelpemiddel som må på plass i heimen før pasientar kan skrivast ut.

Ergoterapi ved Lærdal sjukehus

Det er ansatt ein ergoterapeut i 40% stilling ved Lærdal sjukehus og ergoterapeuten har desse ansvarsområda:

Handterapi
Ergoterapeuten får henvist pasientar frå ortopedisk poliklinikk/avdeling og revmatologisk poliklinikk/avdeling i Førde i tillegg til at ein tek pasientar frå skadepoliklinikken i Lærdal.

Medisinsk avdeling
Ergoterapeuten er tilgjengeleg for inneliggande pasientar på medisinsk avdeling. Og kan vere behjelpeleg med kartlegging, trening og informasjon i forhold til kognitiv funksjon, ADL-funksjon, mobilisering/forflytning og energiøkonomisering. I tillegg kan ergoterapeuten tilvise til lokal ergoterapeut ved behov for hjelpemiddel eller liknande.

 
 

 


Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
1. etasje i Svanabygget. Inngang ved hovudheisane.
Telefon
57 83 91 64
E-post
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Kart)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57 83 90 00
Telefontider og resepsjonen er bemanna heile døgnet.
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?