HELSENORGE

Pressemeldingar i høve ulukker

Helse Førde gir ut pressemeldingar i etterkant av ulukker og hendingar som kan ha interesse for media. Meldingane er standardiserte og gir dei opplysningane vi kan gå ut med. Alle våre meldingar blir lagt ut via Twitter.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Fordi helsepersonell må prioritere diagnostisering og behandling av pasientar kan det ta litt tid før pressemelding blir lagt ut. Vi ber om forståing for dette. Pressemeldingane blir oppretta så raskt som mulig.

Policy for oppdateringar

I utgangspunktet blir det berre lagt ut ei melding for kvar pasient. Ved alvorleg skade vil det komme ei oppdatering av pressemeldinga på føremiddagen dagen etter når legevisitten er ferdig.

Ved kritisk skade vil det komme ei oppdatering også den tredje dagen. Det vil ikkje bli gitt nye tilstandsrapportar på ettermiddags- og kveldstid.

Ordbruk

Vi brukar vanlegvis tre ulike begrep: lettare, alvorleg eller kritisk skadd.

Pressemeldingar:

Fann du det du leita etter?