3-3 meldingar om uønskte hendingar

Vi har ei lovpålagd plikt til å melde frå om alvorlege hendingar til Helsedirektoratet. Meldingane har fått namnet 3-3 meldingar, etter § 3-3 i Lov om spesialisthelsetnesta, som skildrar meldeplikta.

Alvorleg hendingar er hendingar som har ført til eller kunne ha ført til

  • død
  • at livreddande tiltak var naudsynt
  • mein som varer over to veker
  • forlenga eller uventa opphald i intensiv- eller akuttavdeling
  • forlenga sjukehusopphald
  • behov for ekstra behandling, rehabilitering eller liknande
  • fysisk eller psykisk skade vurdert som betydeleg av pasient eller pårørande

Systematisk arbeid med pasienttryggleik

Openheit om uønskte hendingar skal gje brukarar høve til å vurdere den totale kvaliteten av tenestetilbodet i Helse Førde og gje dei ei realistisk forventning til kva helsetenesta kan løyse.

Vi arbeider heile tida for gjere det endå tryggare å vere pasient hos oss. Offentleggjeringane av 3-3-meldingane er eit ledd i arbeidet. Når ei uønskt hending skjer, tek vi den på alvor, og vi analyserer den for å finne årsaka til at det skjedde. Deretter set vi i verk tiltak for å hindre at liknande hendingar skjer igjen.

I snitt to kvar månad

Jamnleg legg vi ut saker som er melde etter § 3-3, i snitt to i månaden. Publiseringane skjer i ein ujamn rytme, slik at det enkelte månader vil bli publisert fleire enn to saker og andre månader ingen saker.

Prosedyren kring offentleggjering av § 3-3 saker er frå desember 2015 endra slik at sakene også kan omfatte andre pasientrelaterte saker som er av allmenn interesse og som har læringspotensiale ved seg.

Saker der det er vanskeleg å anonymisere pasienten, vert ikkje offentleggjort. Heller ikkje meldingar om sjølvmord eller sjølvmordsforsøk vert publisert.

Det går minst tre månader frå då hendinga skjedde til den blir publisert her på nettsida. Hendinga har i mellomtida vore gjennom ei grundig handsaming i Helse Førde og dei er melde til Helsedirektoratet. Pasientane som er involvert i hendingane, får brev med informasjon om offentleggjeringa.

Prosedyre for offentleggjering av §3-3 saker.pdf

3-3 meldingar:

 

August 2017:

 Helsestasjon vart ikkje varsla om fødsel.pdf

Juni 2017:

3-3 Lang ventetid på CT svar.pdf

3-3 Utlån av personell til andre avdelingar.pdf

Mai 2017:

3-3 Dårleg informasjon til sjukeheim.pdf

April 2017:

3-3 Manglande tilgang til journal.pdf

Mars 2017:

3-3 Munnleg ordinering  av medisin blei misforstått.pdf

Februar 2017:

3-3 Medisin som ikkje skulle gjevast.pdf

Januar 2017:

3-3 Munnleg ordinering av medisin blei misforstått.pdf

 

Desember 2016:

3-3 - sak Drosjetur med full drosje.pdf

November 2016:

3-3 - sak Samhandling kring utskriving.pdf

3-3 - sak MRSA.pdf

Oktober 2016:

3-3 Journaldokumentasjon.pdf

3-3 Telemedisinsk utstyr som ikkje fungerte.pdf

 

 

 

 

 

 

 

 

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​