Forskriftskurs – ambulansepersonell 2020

 Ambulansetenesta i Helse Førde jobbar kontinuerleg med rekruttering. I januar 2020 vil det årlege forskriftskurset starte opp. Kurset er eit minstekrav for å kunne arbeide som vikar i ambulansetenesta fram til 2022, for dei som ikkje alt har autorisasjon som ambulansearbeidar, eller har anna helsefagleg autorisasjon.

Helse Førde søkjer primært personell med helsefagleg autorisasjon, sekundært personar i utdanningsløp mot helseautorisasjon.
Bakgrunn for opptakskrava er nasjonale myndighetskrav som regulerer kompetansekrava i ambulansetenesta. Det er overgangsordningar fram mot våren 2022.

Våre opptakskrav, eitt av følgjande krav:
• Vere autorisert helsepersonell
• Vere i utdanningsløp som endar med fagbrev og/eller helseautorisasjon innan 06/2021
• Legestudent som er i minst i 3. utdanningsår, og som har gjennomført klinisk praksis og kan vise til relevant bakgrunn/erfaring.

I tillegg:
• Førarkort klasse B
• God fysikk og mental styrke
• Består fysiske krav ved kursstart.
Kursplan; Forskriftskurs for helsepersonell 2020
• 25.-26. januar Samling 1. Introduksjon til forskriftskurset 
• 25.-26. februar Samling 2. Ambulanseoperativt emne/redningsteknisk 
• 28.-29. mars Samling 3. Øvingshelg/naudnett. 
• 18.-19 april Samling 4. Oppsummering. Avsluttande case, teori og praktisk prøve 

Arbeidskrav 
• Individuell tilpassa sjukehushospitering, basert på erfaring.
• Hospitering ved ambulansestasjon.
• Innleveringsoppgåver
• E-kurs i Nakos (nasjonal akuttmedisinsk kompetansesenter)
• A-HLR via NRR (norsk resuscitasjonsråd)
 
Kursplanen er førebels og kan bli justert ut frå instruktørkapasitet og innspel frå deltakarar ved kursstart.

Informasjon om kurset:

Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde med målsetjing om rekruttering av tilsette til eiga teneste. Kurset stettar minstekravet for å vere godkjent som ufaglært og vikar, med mål om å kunne bli autorisert ambulansearbeidar på sikt.

Kurset er basert på helgesamlingar over to-tre dagar, i tillegg til ei avsluttande samling med teoretisk og praktisk prøve. Kurset legg opp til mykje praktisk øving.

Mellom samlingane skjer mykje av opplæringa som sjølvstudium og nettbasert studie med innleveringsoppgåver og tilgang til undervisningsmateriell. Det er ein føresetnad at ein har kjennskap til bruk av data og internett. Mykje av kommunikasjonen mellom samlingane skjer på e-post og gjennom eigen kursportal på www.nakos.no
IKT-opplæring ligg ikkje inne i kurset. 

Ambulanseyrket krev god fysikk og mental styrke. Fysiske krav, er vist til under. Det vil bli gjennomført fysisk test når kurset startar. Berre dei som stettar krava ved første samling får halde fram på kurset.

Helse Førde set krav til at ambulansepersonell er ”personleg eigna” for yrket. Som ein del av kurset vert det difor gjennomført samtale med alle kursdeltakarane for å kartlegge målsetjing og forventningar som ligg frå arbeidsgjevar. 

Om kursansvarlege undervegs i kurset finn at ein kandidat ikkje leverer i tråd med forventningar og målsetjing, får ein tilbakemelding på dette. Som kursarrangør er det i vår rett å kunne avslutte opplæringstilbodet for deltakarar som ikkje møter på samling, gjennomfører arbeidskrav til fristar eller ikkje held kompetansenivået som er kravd. Det vert presisert at gjennomført kurs, ikkje gir automatisk jobbtilbod eller vikariat.

Erfaring viser at dei som ønskjer jobb i tenesta, får tilbod om vikarvakter og seinare engasjement. Fast tilsetjing som ambulansearbeidar føreset minimum autorisasjon som ambulansearbeidar. For enkelte vil det vere aktuelt å kunne tilby vaksenlærekontrakt, noko som gir avkorta læretid om ein har anna helsefagleg utdanning i botnen. 

Kursgjennomføring

Kurset er fordelt på fire helger:
• Introduksjon:
Ei innføring i undersøking og pasienthandtering. I tillegg vert generell innføring i ambulansetenesta presentert.
• Ambulansen sine operative funksjonar:
Skal gi innsikt i ambulansepersonell si rolle i høve tryggleik, samhandling og bruk av nødvendig utstyr.
• Øvingshelg/radiobrukarkurs
• Avsluttande prøver:
Kurset vert avslutta med praktisk og teoretisk prøve som må vere bestått for å få kursbevis.

Mellom samlingane er det obligatorisk innleveringsoppgåver og hospitering ved lokal ambulansestasjon. Her er eigne mål for denne hospiteringa.

Det er innleveringsoppgåve i løpet av kursperioden. Fristar for innlevering vert fastsett ved kursoppstart. Oppgåvene vert vurdert individuelt med kommentarar og karakteren bestått / ikkje bestått.

Alle samling skjer i Førde. 

Kursavgift

Samla pris for utdanninga er 5 000,- kroner. Grunnlaget for å gjennomføre kurset er å dekkje eige utdanningsbehov, og ikkje drive kurs for den opne marknad.

Ambulansetenesta gir heilt eller delvis fritak for kursavgift for kursdeltakarar som bind seg som tilkallingsvikar/sommarvikar etter avslutta og bestått utdanning. Deltakarar må vere budde på at tilbodet om vakter i stor grad vil vere ved stasjonar utanom dei større tenestestadane.

Hospitering i ambulanse og sjukehus:

Delar av den praktiske undervisninga skjer på ein lokal ambulansestasjon. Alle skal gjennomføre ulike øvingar som er fastsett i kursplanen. Omfanget av hospitering vil variere litt ut frå køyregrunnlag og oppdragsaktivitet. Ein må belage seg på minimum ei veke hospitering under kursperioden.

Ved manglande arbeidserfaring frå sjukehus, vil det blir sett opp individuelle hospiteringskrav innhospitalt.

Jobb i etterkant av kurs

I etterkant av kurset får ein kursvitnemål som stetter minstekrav i akuttmedisinforskrift. Kurs i utrykkingskøyring ligg utanfor dette kurset.

For spørsmål om jobbmoglegheit og bindingstid, vil du undervegs i kurset bli introdusert og sett i kontakt med den områdeleiaren som har ansvaret for drifta i det område som ligg naturleg å ta vakter i. Vi håpar kurset vil gi inspirasjon til å tenkje ei jobbframtid i ambulansetenesta.

Litteratur
•«Ambulansemedisin 1» ISBN 978-82-05-38226-8 Richardsen, Jon
•«Ambulansemedisin 2» ISBN 978-82-05-38227-5 Richardsen, Jon
•«Ambulansemedisin 3» ISBN 978-82-05-38693-8 Richardsen, Jon
•«Ambulanse - operative emne» ISBN 978-82-05-38229 Richardsen, Jon

Bøkene må deltakarene skaffe i framkant av kurset, og kan kjøpast i dei fleste bokhandlarar og på internett.

Anna fagstoff som kurshefte AHLR/NRR, tilgang til elektronisk fagstoff på Nakos-portalen, samt forbruksmateriell er inkludert i kursprisen.

Påmelding:
Søknad skjer via Helse Førde sine internettside og rekrutteringssystemet Webcruiter, annonse for påmelding finn ein under «ledige stillingar».
Du melder di interesse for kurset der og handsaming av søkjarar skjer av vår kursleiar Trond Aamot.
Gjer vel å skrive kort om bakgrunn for kurssøknad og eventuelt leggje ved ein kortfatta CV.

Fysiske krav

Kunne:
• Springe 1000 meter (innan maksimalt 5 min).
• Bære forflyttingsbrett 200 meter med ca. 80 kg tyngde (innan maksimalt 10 min).
• Bære bærestol opp og ned ein etasje tre (3) gangar med ca. 80 kg tyngde. Kvar kandidat skal minst bære ei runde i kvar ende av bærestol.
• Utføre samanhengande HLR i 10 minutt.  
• Kunne dokumentere å vere svømmedyktig.

Søknadsfrist: 15. desember 2019


Velkomen til ambulanseteneste i Helse Førde!