Forskriftskurs – ambulansepersonell 2019

Ambulansetenesta i Helse Førde jobbar kontinuerleg med rekruttering. I januar 2019 vil eit nytt forskriftskurs starte opp. Kurset er eit minstekrav for å kunne arbeide som vikar i ambulansetenesta fram til 2022, for dei som ikkje alt har autorisasjon som ambulansearbeidar.

​Vi søkjer primært personell med helsefagleg autorisasjon, sekundært personar i utdanningsløp mot helseautorisasjon. Bakgrunn for opptakskrava er nasjonale styresmakter som frå 2015 krev at begge som bemannar ein ambulanse, skal vere autorisert helsepersonell, og minst ein må ha fagbrev som ambulansearbeidar. Det er overgangsordningar fram mot våren 2022.

Våre opptakskrav, eitt av følgjande krav:

  • Vere autorisert helsepersonell
  • Vere i utdanningsløp som endar med fagbrev og/eller helseautorisasjon innan 06/2020
  • Legestudent som er i minst 3. utdanningsår, og som har gjennomført klinisk praksis

I tillegg:

    • Førarkort klasse B
    • God fysikk og mental styrke.
​Kursplan; Forskriftskurs for helsepersonell 2019 ​
24. - 26. januarSamling 1. Introduksjon til forskriftskurset
​23. - 24. februar​Samling 2. Ambulanseoperativt emne/redningsteknisk
​29. - 31. marsSamling 3. Øvingshelg/naudnett.​
​27. - 28. april​Samling 4. Oppsummering. Avsluttande case, teori og praktisk prøve
​Arbeidskrav

​Eventuelt individuell tilpassa sjukehushospitering.
Hospitering ved ambulansestasjon.
Innleveringsoppgåver
E-kurs i Nakos
A-HLR via NRR

Kursplanen er førebels og kan bli justert ut frå instruktørkapasitet og innspel frå deltakarar.

Informasjon om kurset:

Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde med målsetjing om rekruttering av tilsette til eiga teneste. Kurset stettar minstekravet for å vere godkjent som ufaglært og vikar, med mål om å kunne bli autorisert ambulansearbeidar på sikt.

Kurset er basert på helgesamlingar over to-tre dagar, i tillegg til ei avsluttande samling med teoretisk og praktisk prøve. Kurset legg opp til mykje praktisk øving.

Mellom samlingane skjer mykje av opplæringa som sjølvstudium og nettbasert studie med innleveringsoppgåver og tilgang til undervisningsmateriell. Det er ein føresetnad at ein har kjennskap til bruk av data og internett. Mykje av kommunikasjonen mellom samlingane skjer på e-post og gjennom eigen kursportal på www.nakos.no IKT-opplæring ligg ikkje inne i kurset. 

Ambulanseyrket krev god fysikk og mental styrke. Fysiske krav vert sendt ut til aktuelle deltakarar. Det vil bli gjennomført fysisk test når kurset startar, og dei som er innanfor kraava får høve til å halde fram på kurset.

Helse Førde set krav til at ambulansepersonell er ”personleg eigna” for yrket. Som ein del av kurset vert det difor gjennomført samtale med alle kursdeltakarane for å kartlegge målsetjing og forventningar som ligg frå arbeidsgjevar. 

Om kursansvarlege undervegs i kurset finn at ein kandidat ikkje leverer i tråd med forventningar og målsetjing, får ein tilbakemelding på dette. Som kursarrangør er det i vår rett å kunne avslutte opplæringstilbodet for deltakarar som ikkje gjennomfører arbeidskrav eller ikkje held nivået som er kravd. Det vert og presisert at gjennomført kurs, ikkje gir automatisk jobbtilbod eller vikariat.

Erfaring viser at dei som ønskjer jobb i tenesta, får tilbod om vikarvakter og seinare engasjement. Fast tilsetjing som ambulansearbeidar føreset minimum autorisasjon som ambulansearbeidar. For enkelte vil det vere aktuelt å kunne tilby vaksenlærekontrakt, noko som gir avkorta læretid om ein har anna helsefagleg utdanning i botnen. 

Kursgjennomføring

Kurset er fordelt på fire helgar:

  • Introduksjon:
    Ei innføring i undersøking og pasienthandtering. I tillegg vert generell innføring i ambulansetenesta presentert.
  • Ambulansen sine operative funksjonar:
    Skal gi innsikt i ambulansepersonell si rolle i høve tryggleik, samhandling og bruk av nødvendig utstyr.
  • Øvingshelg/radiobrukarkurs
  • Avsluttande prøver:
    Kurset vert avslutta med praktisk og teoretisk prøve som må vere bestått for å få kursbevis.

Mellom samlingane er det obligatorisk innleveringsoppgåver og hospitering ved lokal ambulansestasjon. Her er eigne mål for denne hospiteringa.

Det er innleveringsoppgåve i løpet av kursperioden. Fristar for innlevering vert fastsett ved kursoppstart. Oppgåvene vert vurdert individuelt med kommentarar og karakteren bestått / ikkje bestått.

Alle samling skjer i Førde. 

Kursavgift

Samla pris for utdanninga er 20 000,- kroner. Grunnlaget for å gjennomføre kurset er å dekkje eige utdanningsbehov, og ikkje drive kurs for den opne marknad.

Ambulansetenesta gir heilt eller delvis fritak for kursavgift for kursdeltakarar som bind seg som tilkallingsvikar/sommarvikar etter avslutta og bestått utdanning. Det vert gitt halvert kursavgift for 150 vakttimar (1 månad) og fri kursavgift for 300 (2 månader) vakttimar i Helse Førde i løpet av eitt år etter avslutta kurs. Deltakarar må vere budde på at tilbodet om vakter i stor grad vil vere ved stasjonar utanom dei større tenestestadane.

Hospitering i ambulanse og sjukehus:

Delar av den praktiske undervisninga skjer på ein lokal ambulansestasjon. Alle skal gjennomføre ulike øvingar som er fastsett i kursplanen. Omfanget av hospitering vil variere litt ut frå køyregrunnlag og oppdragsaktivitet. Ein må belage seg på minimum ei veke hospitering under kursperioden.

Ved manglande arbeidserfaring frå sjukehus, vil det blir sett opp individuelle hospiteringskrav innhospitalt.

Jobb i etterkant av kurs

I etterkant av kurset får ein kursvitnemål som stetter minstekrav i akuttmedisinforskrift. Kurs i utrykkingskøyring ligg utanfor dette kurset.

For spørsmål om jobbmoglegheit og bindingstid, vil du undervegs i kurset bli introdusert og sett i kontakt med den områdeleiaren som har ansvaret for drifta i det område som ligg naturleg å ta vakter i. Vi håpar kurset vil gi inspirasjon til å tenkje ei jobbframtid i ambulansetenesta.

Litteratur

  • «Ambulansemedisin 1» ISBN 978-82-05-38226-8 Richardsen, Jon
  • «Ambulansemedisin 2» ISBN 978-82-05-38227-5 Richardsen, Jon
  • «Ambulansemedisin 3» ISBN 978-82-05-38693-8 Richardsen, Jon
  • «Ambulanse- operative emne» ISBN 978-82-05-38229 Richardsen, Jon

Bøkene må deltakarene skaffe i framkant av kurset, og kan kjøpast i dei fleste bokhandlarar og på internett.

Anna fagstoff som kurshefte AHLR/NRR, tilgang til elektronisk fagstoff på Nakos-portalen, samt forbruksmateriell er inkludert i kursprisen.

Påmelding:

Du melder di interesse for kurset til vår kursleiar Per Inge Bruland. Gjer vel å skrive kort om bakgrunn for kurssøknad og eventuelt leggje ved ein kortfatta CV.

Søknad skjer via Helse Førde sine internettside og rekrutteringssystemet Webcruiter.

Søknadsfrist: 15. desember 2018

E-post: per.inge.bruland@helse-forde.no


Velkomen til ambulanseteneste i Helse Førde