Helse Førde søkjer personell med helsefagleg autorisasjon, sekundært personar i eit pågåande utdanningsløp mot helseautorisasjon.
Bakgrunn for kurset
Kurset er utarbeidd med formål om å rekruttere vikarar til ambulansetenesta for kortare engasjement.
Kompetansekrava i ambulansetenesta er detaljregulert i akuttmedisinforskrifta §7 og må sjåast som minstekrav. Helse Førde har i mange år gjennomført eit kurskonsept som skal sikre deltakarane nødvendig helsefagleg kompetanse i tråd med forskriftskravet. Kurset vert årleg justert og tilpassa krav i tenesta.
Utdrag frå akuttmedisinforskrifta:
Ambulansebiler som brukes i ambulansetjenester skal være bemannet med minst to personer, hvorav minst én skal ha autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner. Begge personene som bemanner ambulansebilen skal ha førerkort for kjøretøyklassen og minst én av personene skal ha kompetansebevis for førere av utrykningskjøretøy. Der det kun er én ambulansearbeider eller paramedisiner, må den andre personen ha autorisasjon eller lisens som helsepersonell og nødvendig ambulansefaglig kompetanse.
Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell, dersom den andre personen som skal bemanne ambulansen er andre års lærling i ambulansefag eller paramedisinerstudent som har fullført og bestått andre studieår av fulltidsstudiet eller tredje år av deltidsstudiet.
Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell for personell som skal dekke ekstravakter og korttidsvikariater.
Opptakskrav
Eitt av følgjande krav:
- Vere autorisert helsepersonell
- Vere i utdanningsløp som endar med fagbrev og/eller helseautorisasjon innan 06/2023
- Legestudent (3.år) som har gjennomført klinisk praksis og kan vise til relevant bakgrunn/erfaring.
I tillegg:
Kursplan; Forskriftskurs for helsepersonell 2023
Kurset går totalt over 11 dagar som inkluderer avsluttande utsjekkdag. Dei fleste av dagane er over 8 timar a 45 minutt. Instruktørane er tilsette i eiga teneste, med erfaring i instruksjon og rettleiing.
Kursdagane er oftast delt mellom teoriførelesingar og praktiske øvingspostar. I tillegg kjem arbeidskrav som e-læring, hospitering og andre arbeidskrav. Pensum er bøkene til Jon Richarden i grunnleggande ambulansemedisin, operative emner. Bøker kan lånast på bibliotek eller frå ambulansetenesta.
Kurset brukar NAKOS-portalen som kursportal, og det blir sett som krav at deltakarar har IKT kunnskapar og kan nytte ulike læringsplattformar. Det er krav til dei ulike dagane om å ha gjennomført e-læring knytt til dei bolkane som blir gjennomført i NAKOS. Det er eigen kursportal under «Helse Førde» der all informasjonsdeling og timeplanar kjem ut. E-læringa baserer seg i stor grad på nasjonale kurs, men og nokre eigenproduserte kurs og emne.
Det er arbeidskrav til 5 hospiteringsvakter. Utbytte og aktivitet på vaktene vil avgjere om målsetting er oppnådd eller om hospitering skal utvidast.
27.-29. januar Samling 1. Introduksjonshelg
18.-19. februar Samling 2. Traumehelg
25.-26. mars Samling 3. Ambulanseoperative emner
22.-23. april Samling 4. Øvingshelg med avsluttande testar.
Kursdatoar er tentative og endringar kan førekome
Arbeidskrav
Individuell tilpassa sjukehushospitering, basert på erfaring.
Hospitering ved ambulansestasjon.
Innleveringsoppgåver
E-kurs i Nakos (nasjonal akuttmedisinsk kompetansesenter)
A-HLR via NRR (norsk resuscitasjonsråd)
Kursplanen er førebels og kan bli justert ut frå instruktørkapasitet og innspel frå deltakarar ved kursstart.
Informasjon om kurset
Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde med målsetjing om rekruttering av tilsette til eiga teneste. Kurset stettar minstekravet for å vere godkjent som ufaglært og vikar, med mål om å kunne bli autorisert ambulansearbeidar på sikt.
Kurset legg opp til mykje praktisk øving.
Mellom samlingane skjer mykje av opplæringa som sjølvstudium og nettbasert studie med innleveringsoppgåver og tilgang til undervisningsmateriell. Det er ein føresetnad at ein har kjennskap til bruk av data og internett. Mykje av kommunikasjonen mellom samlingane skjer på e-post og gjennom eigen kursportal på www.nakos.no
IKT-opplæring ligg ikkje inne i kurset.
Ambulanseyrket krev god fysikk og mental styrke. Fysiske krav, er vist til under. Det vil bli gjennomført fysisk test når kurset startar. Berre dei som stettar krava ved første samling får halde fram på kurset.
Helse Førde set krav til at ambulansepersonell er "personleg eigna" for yrket. Som ein del av kurset vert det difor gjennomført samtale med alle kursdeltakarane for å kartlegge målsetjing og forventningar som ligg frå arbeidsgjevar.
Om kursansvarlege undervegs i kurset finn at ein kandidat ikkje leverer i tråd med forventningar og målsetjing, får ein tilbakemelding på dette. Som kursarrangør er det i vår rett å kunne avslutte opplæringstilbodet for deltakarar som ikkje møter på samling, gjennomfører arbeidskrav til fristar eller ikkje held kompetansenivået som er kravd. Det vert presisert at gjennomført kurs, ikkje gir automatisk jobbtilbod eller vikariat.
Erfaring viser at dei som ønskjer jobb i tenesta, får tilbod om vikarvakter og seinare engasjement. Fast tilsetjing som ambulansearbeidar føreset minimum autorisasjon som ambulansearbeidar. For enkelte vil det vere aktuelt å kunne tilby vaksenlærekontrakt, noko som gir avkorta læretid om ein har anna helsefagleg utdanning i botnen.
Kursgjennomføring
Kurset er fordelt på fire helgar:
Fysiske testar og introduksjonshelg
- Fredag ettermiddag: Fysiske testar
Laurdag: Introduksjon til ambulansetenesta og utstyrskjennskap
Søndag: Medisinske problemstillingar, innføring i undersøking og pasienthandtering
Traume, teori og øving i praksis.
Ambulansen sine operative funksjonar. Kommunikasjon og samarbeid med anna helsepersonell
Øvingshelg
Mellom samlingane er det obligatorisk innleveringsoppgåver og hospitering ved lokal ambulansestasjon. Her er eigne mål for denne hospiteringa.
Det er innleveringsoppgåve i løpet av kursperioden. Fristar for innlevering vert fastsett ved kursoppstart
Alle kurshelger blir arrangert ved Førde Sentralsjukehus, i Farabygget kor både ambulanse, AMK Førde og Luftambulansetenesta er lokalisert.
Kursavgift
Samla pris for utdanninga er 5 000,- kroner. Grunnlaget for å gjennomføre kurset er å dekkje eige utdanningsbehov, og ikkje drive kurs for den opne marknad.
Ambulansetenesta gir heilt eller delvis fritak for kursavgift for kursdeltakarar som bind seg som tilkallingsvikar/sommarvikar etter avslutta og bestått utdanning. Deltakarar må vere budde på at tilbodet om vakter i stor grad vil vere ved stasjonar utanom dei større tenestestadane.
Hospitering i ambulanse og sjukehus
Delar av den praktiske undervisninga skjer på ein lokal ambulansestasjon. Alle skal gjennomføre ulike øvingar som er fastsett i kursplanen. Omfanget av hospitering vil variere litt ut frå køyregrunnlag og oppdragsaktivitet. Ein må belage seg på minimum ei veke hospitering under kursperioden.
Ved manglande arbeidserfaring frå sjukehus, vil det blir sett opp individuelle hospiteringskrav innhospitalt.
Jobb i etterkant av kurs
I etterkant av kurset får ein kursvitnemål som stetter minstekrav i akuttmedisinforskrift. Kurs i utrykkingskøyring ligg utanfor dette kurset.
For spørsmål om jobbmoglegheit og bindingstid, vil du undervegs i kurset bli introdusert og sett i kontakt med den områdeleiaren som har ansvaret for drifta i det område som ligg naturleg å ta vakter i. Vi håpar kurset vil gi inspirasjon til å tenkje ei jobbframtid i ambulansetenesta.
Litteratur
•«Ambulansemedisin 1» ISBN 978-82-05-38226-8 Richardsen, Jon
•«Ambulansemedisin 2» ISBN 978-82-05-38227-5 Richardsen, Jon
•«Ambulansemedisin 3» ISBN 978-82-05-38693-8 Richardsen, Jon
•«Ambulanse- operative emne» ISBN 978-82-05-38229 Richardsen, Jon
Bøkene må deltakarene skaffe i framkant av kurset, og kan kjøpast i dei fleste bokhandlarar og på internett.
Anna fagstoff som kurshefte AHLR/NRR, tilgang til elektronisk fagstoff på Nakos-portalen, samt forbruksmateriell er inkludert i kursprisen.
Påmelding
Søknad skjer via Helse Førde sine internettside og rekrutteringssystemet Webcruiter, annonse for påmelding finn ein under «ledige stillingar».
Du melder di interesse for kurset der og handsaming av søkjarar skjer av vår kursleiar Per Erik Eide Hjelle.
Gjer vel å skrive kort om bakgrunn for kurssøknad og eventuelt leggje ved ein kortfatta CV.
Fysiske krav
Kunne:
Springe 1000 meter (innan maksimalt 5 min).
Bære forflyttingsbrett 200 meter med ca. 80 kg tyngde (innan maksimalt 10 min).
Bære bærestol opp og ned ein etasje tre (3) gangar med ca. 80 kg tyngde. Kvar kandidat skal minst bære ei runde i kvar ende av bærestol.
Utføre samanhengande HLR i 10 minutt.
Svømmedyktig
Søknadsfrist: 19. desember 2022
Velkomen til ambulanseteneste i Helse Førde!