Rehabiliteringsopphald på sengepost
Dette er mest aktuelt dersom du har hatt eit akuttopphald på sjukehuset, i hovudsak for slagpasientar, hovudskadepasientar, multitraumepasientar, pasientar med ryggmargsskade, multiorgansviktpasientar, og amputasjonspasientar.
Rehabiliteringsopphald på sjukehus er aktuelt når det er eit særskilt behov for kompetanse, intensitet i tilbod, eller tilgang på spesialisert utstyr til bruk i rehabiliteringa. Det er ein føresetnad for opphaldet at du vert vurdert å ha eit rehabiliteringspotensiale. Pasientar som normalt skal rehabiliterast i kommunehelsetenesta, vil ikkje bli prioriterte.
Poliklinikk
Som fysikalsk-medisinsk poliklinikk er dette først og fremst eit tilbod til deg med langvarige muskel-skjelettsmerter som ikkje skuldast ortopediske, revmatologiske eller nevrologiske lidingar/ tilstandar. Du vil kunne tilvisast for diagnostisk avklaring og behandling/rehabilitering, viss fastlege/primærlege treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for å kome vidare.
Pasientar i denne gruppa som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, kan tilvisast under ordninga Raskare tilbake.
Dei smertetilstandane som hyppigast vert tilvist til oss er:
- utbreidde muskel-skjelettsmerter
- nakkesmerter
- skuldersmerter
- ryggsmerter
- bekkensmerter/ hoftesmerter
- smertetilstandar i ekstremitetar.
Hos mange pasientar vil bakanforliggjande problemstillingar ofte vere komplekse og samansette, og du vil då kunne ha nytte av tverrfagleg utgreiing/behandling/rehabilitering. Utanom legespesialist, har vi også tilgang på sosionom, ergoterapeut, og fysioterapeut, som vil delta etter behov.
Som rehabiliteringspoliklinikk vil vi kunne tilby polikliniske vurderingar av dei som er innanfor målgruppene for rehababilitering sengepost, i dei tilfella dette ikkje kan takast hand om i kommunehelsetenseta.
Vi vil også kunne utarbeide spesialisterklæringar på oppdrag frå NAV, forsikringsselskap, og andre, innanfor problemstillingar som naturleg høyrer heime under fysikalsk medisin og rehabilitering.
Gruppebasert individretta rehabiliteringstilbod
(til pasientar med langvarige muskelsmerter/ muskelsmertetilstandar):
Poliklinikk vår i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Florø har starta opp med eit gruppebasert rehabiliteringstilbod til pasientar med langvarig muskelsmerteproblematikk. Opplegget vil vere ein dag kvar veke i til saman sju veker.
Meir informasjon om opplegget kan ein få ved å kontakte FMR poliklinikk, eller LMS Florø. Informasjonsbrosjyrer vert også sende til fastlegane i fylket.
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter
Helse Førde har ein samarbeidsavtale med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter om tverrfagleg spesialisert rehabilitering, og her kan dei ta imot pasientar med større hjelpebehov (Barthel ADL score ned til 6). Ved innsøking må det orienterast om funksjonsnivå og behov for assistanse.
Sjå meir om dette på Hauglandsenteret sine sider