HELSENORGE

Treningskontaktkurs i Årdal

Kurs, 27.10.2017-29.10.2017, Psykiatrisk klinikk

Tiltak for pasientar med rusproblem, psykiske lidingar, overvekt og diabetes. Er du interessert i fysisk aktivitet og friluftsliv? Då er treningskontaktkurs i Årdal noko for deg!
  • Kurset gir grunnleggjande kompetanse til å arbeide med fysisk aktivitet og friluftsliv for menneske med ulike lidingar.
  • Treningskontakten si oppgåve er oppfølging av klientar/pasientar med ulik type trening og aktivitetar.
  • Ingen formell forkunnskap er nødvendig.
  • Arbeidet er løna (som støttekontaktordninga).
  • Treningskontakten vil få dekt utgifter til trening.

Vi har behov for treningskontaktar i alle kommunar i Sogn og Fjordane.

Når og kor

Dato
27.10.2017-29.10.2017 
Klokkeslett
17:00-16:00
Stad
Årdalshallen, Jotunvegen 13, 6884 Øvre Årdal.
 
Arrangør
Psykiatrisk klinikk
Kurset er eit samarbeid mellom Helse Førde, Årdal kommune og Frisklivssentralen. 
Innlegg frå
Kurshaldarane er erfarne medarbeidarar frå Helse Førde, Høgskulen i Bergen og Oslo Universitetssykehus. 
Kontaktinformasjon
Påmelding til Harald Munkvold, Psykiatrisk klinikk, Førde sentralsjukehus
Tlf. 90765427
 
Meir informasjon
Sjå kursprogrammet her  
harald.munkvold@helse-forde.no

Del 1 er 27. oktober til 29. oktober. Del 2 er 10. november til 12. november. Kursstart fredag klokka 17.00 begge helgar.

Pris: kr 1000,– per helg; (del I og II= 40 kurstimar) inkl. lunsj.

Del 1 og 2 treng ikkje gjennomførast på same kurset, men ein må ha begge deler for å bli godkjent som treningskontakt.

Fann du det du leita etter?