HELSENORGE

Tinnitus hausten 2022

2 dagars opplæring for deg som har fått diagnosen Tinnitus og dine pårørande. 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til ØHN/Kjeve avdeling, Førde sentralsjukehus.

Ta direkte kontakt dersom dy ynskjer å ha med pårørande. 

Informasjon om kurset

Opplæring for deg som har tinnitus og dine pårørande. Opplæringa går over to dagar. Målet med kurset er at du skal få kunnskap om tilstanden og sjå moglegheiter for meistring i din eigen kvardag. Kurset består av innlegg frå ein erfaren brukar og undervisning frå helsepersonell og andre fagfolk, samt moglegheit for å stille spørsmål, og utveksle erfaringar med andre i liknande situasjon. 

PROGRAM

Dag 1

09.30-09.45
Velkommen!  v/Rolf Arne Bollingberg

09.45-10.15
Innlegg frå ein erfaren brukar

10.15-10.30
Pause

10.30-11.45
Tinnitus- årsak og behandling v/Einar Solheim, overlege

11.45-12.30
Lunsj

12.30-13.30
Kva er eit høyrselstap? Utgreiing. Tilpassing av høyreapparat og ev. masker v/Rolf Arne Bollingberg, Hørselssentralen

13.30-13.45
Pause

13.45-14.45
Tinnitus og kroppslege reaksjoner v/ fysioterapeut

Dag 2

09.00-09.15
Velkommen tilbake! Tankar etter første dag? v/Rolf Arne

09.15-10.00
Kognitiv terapi v/Hauglandssenteret

10.00-10.15
Pause

10.15-11.00
Kognitiv terapi

11.00-11.15
Pause

11.15-12.00
Kognitiv terapi

12.00-12.45
Lunsj

12.45-13.15
Info om HLF, Likemannsarbeid og Hørselskontaktar v/representant frå HLF     

13.15-13.30
Pause

13.30-14.30
Kva kan vi gjere sjølv for å betre kvardagen? Erfaringsutveksling. Oppsummering og evaluering v/Rolf Arne

Med atterhald om endringar i programmet


 Praktisk informasjon

Eigenandel 375 kr (per mai 2022), ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande. 

Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr på opptil 1125 kr (per mai 2022).  

Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov. 

V
ed deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa. 

Nyttig nettadresse 

For meir informasjon om Tinnitus sjå nettsida til Hørselshemmedes landsforbund (HLF)

Vår kursoversikt

Her finn du oversikt over fleire kurs og praktisk informasjon til deg som skal på kurs:

Kurstilbod for pasientar og pårørande

Fann du det du leita etter?