Temakveld- IPS; individuell jobbstøtte Sunnfjord og Ytre Sogn

Temakveld, 19.11.2019, Psykiatrisk klinikk, Lærings- og meistringssenter (LMS)

 

Jobbstøtte; IPS Sunnfjord og Ytre Sogn 

"Vil du gje meg ein sjanse?".

Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane gir mange mogelegheiter. Like fullt er det ein del menneske med psykiske utfordringar som hamnar utanfor arbeidslivet. Fleire av desse treng ekstra hjelp for å skaffe seg ein jobb. Difor har Helse Førde og NAV i samarbeid tilsett Jobbspesialistar som skal hjelpe personar med psykiske utfordringar og/eller rusproblem inn igjen i ordinært, lønna arbeid.

Kanskje kan vi hjelpe deg, slik at du kan vere med til ein arbeidsgjevar og stille spørsmålet "Vil du gje meg ein sjanse?". For mange fortener ein ny sjanse, og ei av våre viktigaste oppgåver er å utfordre næringslivet til å tenke breidt og inkluderande når dei rekrutterer.

På temakvelden skal vi presentere vårt tilbod. Korleis vi arbeider med jobbsøkarar, med næringsliv, med Helse og med NAV – for å hjelpe personar som står utanfor inn igjen i arbeidslivet.


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Temakvelden er open for alle interesserte.

Når og kor

Dato
19.11.2019 
Klokkeslett
19:00-20:00
Stad
Utstillingssalen, Førdehuset
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenter (LMS), Psykiatrisk klinikk
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.