Temadag: Barn med astma

Temadag for foreldre til barn med astma i alderen 0-13 år

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising. Tilvisinga kan sendast til barneavdelinga, Førde sentralsjukehus. Dersom du allereie er i eit behandlingsforløp, kan du ta kontakt med barnepoliklinikken.

Pris: Inga kursavgift , eigenandel for dei som har barn under 16 år.

Dekking av reise etter fastsette takstar (pasientreiser).

Foreldre/føresette kan søke om opplæringspengar for tapt arbeidsinntekt. Sjå nav.no for meir informasjon om kriteria.

Det er anledning til å kjøpe lunsj 80,-

Innhald på temadagen:

• Astma, sjukdom og behandling
• Utløysande faktorar, sanering av miljø, fysisk aktivitet
• Trygderettar
• NAAF
• Oppsummering/Evaluering

Det er planlagt som ei lita gruppe, der vi kjem saman for å bli kjent, utveksle erfaringar og lære av kvarandre.

Interessert? Gje beskjed til sjukepleiar ved barnepoliklinikken på telefon 57 83 98 36. Du vil få innkalling når det nærmar seg.
NB! Dersom du ikkje kan møte likevel må du gje beskjed.

Fann du det du leita etter?