Sjukleg overvekt - oppfølgingskurs

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 16.03.2017 , Lærings- og meistringssenter (LMS), Kirurgisk avdeling

Helse Førde arrangerer 16. mars gruppesamling for deg som er operert for sjukeleg overvekt.

Som del av oppfølging etter operasjon for sjukeleg overvekt tilbyr Helse Førde gruppesamling 1-2 år etter operasjon. Den aktuelle pasienten får skriftleg innkalling til gruppesamlinga.

Psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og sjukepleiar vil delta. Det vert avsett tid for spørsmål til forelesarane i samtale i plenum med utveksling av erfaringar.

Det vert rusletur i nærområdet (NB! ta med godt fottøy og varme klede) og god tid til lunsjpause. Dette for at du skal få høve til å samtale med, og utveksle erfaringar, med dei andre på kurset.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Den aktuelle pasienten får skriftleg innkalling til gruppesamlinga frå sjukehuset.

Når og kor

Dato
16.03.2017 
Klokkeslett
09:00-15:30 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret v/Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Kirurgisk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Fedmepoliklinikken 
Kontakt
Har du spørsmål om samlinga, ta gjerne kontakt med fedmepoliklinikk Birthe Nistad på telefon 57 83 99 10
 

Dersom du er hindra i å møte, eller ikkje ynskjer nytte tilbodet, ver vennleg å ta kontakt med tverrfagleg fedmepoliklinikk snarast på tlf. 57 83 92 74/ 57 83 99 10.

Eigendel for å delta, les meir

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​