Sjukleg overvekt - oppfølgingskurs

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 24.11.2016, Lærings- og meistringssenter (LMS), Fedmepoliklinikk

Helse Førde arrangerer 24. november gruppesamling for deg som er operert for sjukeleg overvekt.

Som del av oppfølging etter operasjon for sjukeleg overvekt tilbyr Helse Førde gruppesamling 1-2 år etter operasjon. Den aktuelle pasienten får skriftleg innkalling til gruppesamlinga.

Psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og sjukepleiar vil delta. Det vert avsett tid for spørsmål til forelesarane i samtale i plenum med utveksling av erfaringar.

Det vert rusletur i nærområdet (NB! ta med godt fottøy og varme klede) og god tid til lunsjpause. Dette for at du skal få høve til å samtale med, og utveksle erfaringar, med dei andre på kurset.


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Den aktuelle pasienten får skriftleg innkalling til gruppesamlinga frå sjukehuset.

Når og kor

Dato
24.11.2016 
Klokkeslett
09:00-15:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret v/Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Fedmepoliklinikk, Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med Fedmepoliklinikken 
Kontakt
Har du spørsmål om samlinga, ta gjerne kontakt med fedmepoliklinikk Birthe Nistad på telefon 57 83 99 10

 

Eigendel for å delta, les meir