HELSENORGE

Psykisk helse - meistringstilbod for pårørande til personar med psykisk sjukdom

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 18.04.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Psykiatrisk klinikk

Psykiatrisk klinikk  i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) inviterer til meistringskurs for pårørande til personar med psykisk sjukdom.

Psykiatrisk klinikk i Førde er fagleg ansvarleg for tilbodet. Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse er med i planlegging og gjennomføring av meistringskurset.

Kven kan delta?

Foreldre, søsken, vaksne barn, ektefelle/sambuar til personar med psykisk sjukdom.

I kva form

Gruppesamlingar over 4 gangar
Gruppestørrelse: 6-10 personar
Deltaking i meistringskurset er gratis.
Enkel servering.


Forsking har synt at pårørande er ein verdifull ressurs for dei som blir ramma av alvorleg psykisk sjukdom. Pårørande sine kunnskapar og haldningar påverkar sjukdomsprosessen. Forsking har synt at personar som har alvorleg psykisk sjukdom, får færre tilbakefall når pårørande får betre oppfølging i form av undervising og samtalar med fagfolk og andre pårørande.


På kvar samling blir det undervist om eit tema og det blir god tid til å stille spørsmål og utveksle erfaringar.

Tema på samlingane:

  • Kva tilbod har psykiatrisk klinikk til pårørande
  • Ein pårørende si historie
  • Pasient og brukarombudet orienterer om kva rettar har ein som pårørande
  • Kriser og krisehandtering
  • Individuell plan
     

”Når ein deler på sjukdomsbøra, blir det lettare for alle. Å delta i undervising for pårørande, kan lette børa for den som er sjuk og deg som pårørande”

"Pårørande er ein viktig ressurs for den som har fått ein alvorleg psykisk sjukdom!"

Når og kor

Dato
18.04.2017 
Klokkeslett
18:30-21:00
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS), v/Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Psykiatrisk klinikk, Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse  

Tid og stad

7. mars, 21. mars,
4. april, 18. april  2017
Alle dagar kl. 18.30 - 21.00  

Samlingane vert haldne på Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde, v/Rema 1000, Viesenter, Førde.

Fann du det du leita etter?