Psykiatrisk klinikk i Førde er fagleg ansvarleg for tilbodet. Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) er med i planlegging og gjennomføring av meistringskurset.
Kven kan delta?
Foreldre, søsken, vaksne barn, ektefelle/sambuar til personar med psykisk sjukdom.
I kva form
Gruppesamlingar over 4 gangar
Gruppestørrelse: 6-10 personar
Forsking har synt at pårørande er ein verdifull ressurs for dei som blir ramma av alvorleg psykisk sjukdom. Pårørande sine kunnskapar og haldningar påverkar sjukdomsprosessen. Forsking har synt at personar som har alvorleg psykisk sjukdom, får færre tilbakefall når pårørande får betre oppfølging i form av undervising og samtalar med fagfolk og andre pårørande.
På kvar samling blir det undervist om eit tema og det blir god tid til å stille spørsmål og utveksle erfaringar.
Tema på samlingane:
- Kva tilbod har psykiatrisk klinikk til pårørande
- Ein pårørende si historie
- Pasient og brukarombudet orienterer om kva rettar har ein som pårørande
- Kriser og krisehandtering
- Individuell plan
”Når ein deler på sjukdomsbøra, blir det lettare for alle. Å delta i undervising for pårørande, kan lette børa for den som er sjuk og deg som pårørande”
"Pårørande er ein viktig ressurs for den som har fått ein alvorleg psykisk sjukdom!"