Psykiatrisk klinikk i Førde er fagleg ansvarleg for tilbodet. Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse er med i planlegging og gjennomføring av meistringskurset.
Kven kan delta?
Foreldre, søsken, vaksne barn, ektefelle/sambuar til personar med psykisk sjukdom.
I kva form
- Gruppesamlingar over 4 gangar
- Gruppestørrelse: 6-10 personar
- Deltaking i meistringskurset er gratis.
- Enkel servering.
På kvar samling blir det undervist om eit tema og det blir god tid til å stille spørsmål og utveksle erfaringar.
”Når ein deler på sjukdomsbøra, blir det lettare for alle. Å delta i undervising for pårørande, kan lette børa for den som er sjuk og deg som pårørande”
Pårørande er ein viktig ressurs for den som har fått ein alvorleg psykisk sjukdom!
Forsking har synt at pårørande er ein verdifull ressurs for dei som blir ramma av alvorleg psykisk sjukdom. Pårørande sine kunnskapar og haldningar påverkar sjukdomsprosessen. Forsking har synt at personar som har alvorleg psykisk sjukdom, får færre tilbakefall når pårørande får betre oppfølging i form av undervising og samtalar med fagfolk og andre pårørande.