Osteoporose

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 01.11.2017-03.11.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Revmatologisk poliklinikk

Helse Førde arrangerer opplæring for menneske med osteoporose. Målet er å gje informasjon om sjukdomen og behandling samt hjelp til sjølvhjelp og livsstilsendring.

Målsetting:

Deltakarane skal lære å

  • leve best mogleg med tilstanden gjennom
  • informasjon om sjukdomen og behandling
  • høve til å treffe andre i same situasjon
  • hjelp til sjølvhjelp og livsstilendring

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå lege som vert å sende til: Helse Førde, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR), postboks 1000, 6807 Førde (merk tilvisinga med kor pasienten skal gå på kurs).

Når og kor

Dato
01.11.2017-03.11.2017 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Ved Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Revmatologisk poliklinikk, Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med brukarrepresentant