Nyreskulen

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 13.03.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Medisinsk avdeling, Dialyse

Helse Førde arrangerer Nyreskule om kronisk nyresvikt, dialyse og transplantasjon.

Nyreskule er eit tilbod til pasientar som har fått påvist kronisk nyresjukdom gjennom kontroll på Medisinsk poliklinikk ved FSS. Nyreskulen arrangerer undervisning for nyrepasientar og deira pårørande før dei startar med dialyse eller før transplantasjon.

Informasjon vert gitt som gruppeundervisning. Gruppeundervisninga føregår annakvart år på dagtid fordelt over 3 dagar à 6 timar. Legar, sjukepleiarar og sosionom etc. gjennomgår emner som for eksempel kronisk nyresvikt, nyretransplantasjon, dialyse, medisiner, kost, trygderettigheter, livskvalitet etc. Pasientar fortel også om sine erfaringar med sjukdomen.

Nyreskulen skal vere med på å gje pasientane informasjon som er best mogleg tilpassa den enkelte. Vi trur at det blir lettare å takle kvardagen som kronisk nyresjuk når ein har fått meir kunnskap om sjukdomen. Legane (nefrologane) på Medisinsk poliklinikk FSS henviser pasientane til Nyreskulen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Påmelding:
Deltakarar til Nyreskule vert henvist av behandlande lege v/FSS.

Når og kor

Dato
13.03.2017 
Klokkeslett
09:30-14:30 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS) Helse Førde v/ Rema 1000 (Viesenteret) i Førde
 
Arrangør
Dialyse, Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med brukarrepresentant 
Kontakt
For praktisk informasjon om kurset kan du kontakte:
Eili S. Slåtten 57 83 90 63.
 

Kursdagar: 13. mars, 28. mars og 4. april.

Eigendel for å delta, les meir

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​