Om kurset
Kurset er for deg som enten skal starte i dialyse eller som skal transplanterast. Kurset vert arrangert i eit samarbeid mellom dialyseavdelinga ved Førde sentralsjukehus, Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde og brukarrepresentant.
Vi håpar du og ein av dine pårørande kan delta.
Gjennom kurset vil du få viktig informasjon om kronisk nyresvikt, om dei ulike behandlingsformene, og du vil treffe andre i liknande situasjon.
Innhald
• Nyrene sin funksjon, og når dei sviktar.
• Om sjukdommar og medikament.
• Om ulike dialysemåtar.
• Nyretransplantasjon: utgreiing, behandling og oppfølging.
• Informasjon om å vere nyredonor.
• Omvising på dialyseavdeling.
Nyrelege, sjukepleiarar og brukarrepresentantar er med på alle kursdagane.
Program
Torsdag 5. Oktober:
09.30-10.00: Registrering og velkommen ved kursleiar. Forventningar.
10.00-10.20: Funksjon til nyrene- og kva som skjer ved svikt i desse funksjonane v/lege
10.20-10.30: Pause
10.30-11.15: Sjukdommar og aktuelle medikament – kvifor tek vi dei?
11.15-11.20: Pause
11.20-12.20: Behandlingsalternativ: HD og PD ved sjukepleiar
12.20-13.00: Lunsj
13.00-14.00: Korleis er det å vere dialysepasient. Brukarerfaring frå HD og PD(evt)
14.00-14.10: Pause
14.10-14.55: Kosthold ved kronisk nyresvikt v/ Kef
14.55-15.00: Pause
15.00-15.30: LNT v/representant frå LNT
Torsdag 19. Oktober:
09.30-09.45: Registrering og orientering om dagens program
09.45-10.30: Nyretransplantasjon og donorutredning v/lege
10.30-10.45: Pause
10.45-11.30: Brukererfaring som donor og transplantert
11.30-12.15: Lunsj
12.15-13.00: Å leve med kronisk sjukdom- naturlige følelsesmessige reaksjonar v/
psykiater/ psykolog
13.00-13.15: Pause
13.15-13.55: Trygderettigheiter v/sosionom
13.55-14.10: Pause
14.10-14.40 Fysisk aktivitet v/fysio
14.40-14.55: Pause
14.55-15.30: Oppsummering og vel heim
Med atterhald om endringar
Påmelding
Du kan melde di interesse til nyrelegen din eller ta kontakt med Dialyseavdeling på telefon (sjå kontaktinformasjon). Du vil få innkallingsbrev i posten om plass på kurset.
Avbestilling seinast 24 timar før kurset -
Dersom du ikkje møter til avtalt kurs vil sjukehuset krevje eit gebyr.
Anna praktisk informasjon
Eigenandel på 375 kr (Ingen ved frikort). Gratis for pårørande.
Lunch - Det vert servert gratis lunch begge dagene. Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon 57 83 98 70 (Lærings- og meistringssenteret)
Utgifter til reiser, kost osv. dekkast etter faste takstar. Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.noved behov for tilrettelegging av reisa.