Multippel sklerose (MS)

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 14.11.2016-15.11.2016, Lærings- og meistringssenter (LMS), Nevrologisk poliklinikk

Helse Førde arrangerer kurs for personar som er råka av Multippel sklerose (MS). Kurset går over 2 dagar.

Hvis du nyleg har fått diagnosa Multippel Sklerose er du sikkert både letta og noko redd for framtida. Det er mange tankar som går gjennom hovudet etter at ein har fått ein slik beskjed, også mange spørsmål.

Nevrologisk poliklinikk, Lærings- og Meistringssenteret (LMS) og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid meistringskurs for personar som er råka av MS og deira pårørande.

Målet med opplæringa er å bidra til betre meistring av kvardagen ved å lære om tilstanden frå fagfolk og kvarandre.

Når og kor

Dato
14.11.2016-15.11.2016 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS), ved Rema 1000 (Viesenter) i Førde.
 
Arrangør
Nevrologisk poliklinikk, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Nevrologisk avdeling og brukarrepresentant 
Kontakt
På Nevrologisk avdeling har vi ein MS-sjukepleiar som har fordjupa seg i din sjukdom og står klar til å svare på dine spørsmål, store som små.
Ho kan kontaktast på telefon 57 83 93 58.
 

Pårørande kan melde seg på til: Helse Førde, Lærings- og meistringssenteret, postboks 1000, 6807 Førde eller på telefon 57 83 98 70 (kl. 09-13).

Eigendel for å delta, les meir

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​