MS (multippel sklerose) kurs

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 28.09.2020-29.09.2020, Nevrologisk poliklinikk, Lærings- og meistringssenter (LMS)

To dagars meistringskurs for deg som har MS og dine pårørande.

Om du nyleg har fått diagnosa Multippel Sklerose, er det gjerne mange tankar som går gjennom hovudet. Ein har gjerne ein del spørsmål og ein lurer på korleis framtida vil bli.

Målet med opplæringa er å bidra til betre meistring av kvardagen ved å lære om tilstanden frå fagfolk, brukarrepresentant og kvarandre.

Det blir innlegg frå: Nevrolog, MS-sjukepleiar, brukarrepresentant, sosionom, psykolog, uroterapeut, ergoterapeut og fysioterapeut. Det vil og vere med ein representant frå MS-forbundet.


Når og kor

Dato
28.09.2020-29.09.2020 
Klokkeslett
10:00-14:30
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret, Vie (same bygg som Rema 1000)
 
Arrangør
Nevrologisk poliklinikk
i samarbeid med brukarrepresentant 
Kontaktinformasjon
 
Fann du det du leita etter?