HELSENORGE

"Møteplass" startar opp i Helse Førde - informasjonsmøte

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell, 18.04.2018

Møteplass er eit konsept for integrering av brukererfaring i psykisk helse med fokus på pårørande sin situasjon. Møteplass er ein arena for likeverdige møter og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk i spesialist- og kommunehelsetenesta.

Det blir med dette invitert til informasjonsmøte om Møteplass.

Pårørande er alle som er berørt av at ein person har livsutfordringar knytt til psykisk helse; barn, søsken, foreldre, besteforeldre, vener, naboar og andre.

Fagfolk er alle som gjennom jobben er involvert i den som har utfordringane eller deira familie/nettverk; skule/barnehage, helsestasjon, PPT, personale innen psykisk-/ fysisk-/rus, politi, barnevern, familievern, domstolen og andre.

Møteplass inspirerer pårørende til å påverke systemet gjennom å dele sine erfaringar. Fagfolk til å tenkje heilheitleg og systemorientert i høve til utfordringane dei pårørande og deira familiar står i. I møtet mellom pårørande og fagpersonar sin kunnskap oppstår endringsmoglegheiter som utviklar og forbetrar tenestene.

Når og kor

Dato
18.04.2018 
Klokkeslett
17:00-21:00
Stad
Firdavegen 12, 6800 Førde. (avishuset Firda)
 
Arrangør
LPP, Psykisk helsevern, Lærings- og meistringssenteret og kommunar. 
Kontaktinformasjon
Påmelding til:
Liv Stafsnes, fagleiar psykiatrisk team, Førde kommune, psykiatritenesta
Epost: lsta@forde.kommune.no 
Telefon: 90 29 66 87
 

Vanlegvis vil kvart møte ha ei innleiing med eit relevant tema (td. traume, lovverk, el.l.) og påfølgjande drøfing. Dette første møte vil vere om konseptet Møteplass i seg sjølv, presentert av Arne Kallekleiv og Lise Aarøe.

Til dette første møte er Førde kommune vertskap og byr på lett servering.

For tilsette / fagfolk: kl 1700 – 2100
For pårørande:          kl 1730 – 2030
Deltaking er gratis.