HELSENORGE

Møteplass for pårørande til rusavhengige

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 22.02.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Psykiatrisk klinikk

Nordfjord psykiatrisenter ved Seksjon Rus i samarbeid med brukar-representant og LMS v/ Lærings og meistringskoordinator v/ Nordfjord sjukehus arrangerer møteplass for deg som er i familie/ er kontaktperson for personar med rusavhengighet.

Møteplassen:

Vi vil skape ein møteplass der du treff andre i liknande situasjon, og bidra til støtte gjennom kunnskap og erfaringsutveksling både med fagpersonar og andre pårørande. Kunnskap aukar tryggleik, noko som kan bidra til ein lettare kvardag.

VIKTIG: Deltakarane må være fylt 18 år.

Maksimalt 8 deltakarar.


Tema som inngår vil mellom anna være;

  • KVA ER RUSAVHENGIGHET?
  • Å VÆRE PÅRØRANDE TIL EIN RUSAVHENGIG? 
  • KORLEIS KAN VI SNAKKE MEIR ÅPENT OM UTFORDRINGANE?
  • KORLEIS IVARETA HEILE FAMILIEN?

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For deg som er pårørande til pasient ved Seksjon Rus ved Nordfjord psykiatrisenter: Ring 57 86 43 30 mandag-fredag kl 0900-1400.

For deg som er pårørande til andre med rus;
Treng tilvising via eigen lege eller anna tilvisande instans;
Tilvisinga sendast; Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon Rus v/ avdelingsoverlege Trond Fjetland Aarre, Sjukehusvegen, 6770 Nordfjordeid.

Når tilvisinga er motteken vil du få beskjed om du har fått plass på tilbodet.

Når og kor

Dato
22.02.2017 
Klokkeslett
17:30-19:30
Stad
Nordfjord psykiatrisenter
Storstova
 
Arrangør
Psykiatrisk klinikk, Lærings- og meistringssenteret
i samarbeid med Psykiatrisk klinikk 
Innlegg frå
Ansvarlege for samlingane er; Stine Beate Olsen, psykolog, seksjon rus og Berit Sæterlid, sosionom, seksjon rus. 
Kontaktinformasjon
For praktisk informasjon og påmelding kontakt;
Seksjonsleiar ved Seksjon Rus; Arild Nøstdal
Tlf. 57 86 43 30
 

Tid:

22. februar, 8. mars, 22. mars, 5. april og 19. april. Alle dagane kl. 17.30 - 19.30.

Eigendel for å delta, les meir

Fann du det du leita etter?