Møteplass for pårørande (familie/ kontaktpersonar) til rusavhengige, Nordfjord psykiatrisenter

Kurs , 04.10.2017-08.10.2017 , Nordfjord psykiatrisenter (NPS), Lærings- og meistringssenter (LMS)

På møteplassen treff du andre pårørande (familie/kontaktpersonar) til rusavhengige, og får støtte gjennom kunnskap og erfaringsutveksling både med fagpersonar og andre pårørande.

Møteplassen er eit fylkesdekkjande tilbod, med ein møteserie på 5 kveldar i løpet av ca 2 månader.  Det vil være maksimalt 8 deltakarar til stades. Det er ynskjeleg at ein møter flest mogeleg av kveldane slik at gruppa kan fungere best mogeleg.

VIKTIG:  Deltakarane må være fylt 18 år.

 

Tema som inngår vil mellom anna være:

  • KVA ER RUSAVHENGIGHET?
  • Å VÆRE PÅRØRANDE TIL EIN RUSAVHENGIG
  • KORLEIS KAN VI SNAKKE MEIR ÅPENT OM UTFORDRINGANE?
  • KORLEIS IVARETA HEILE FAMILIEN

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du treng tilvising via eigen lege eller anna tilvisande instans for å delta.

Tilvisinga sendast: Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon Rus v/ avdelingsoverlege Trond Fjetland Aarre, Sjukehusvegen, 6770 Nordfjordeid.

Når tilvisinga er motteken vil du få beskjed om du har fått plass på tilbodet.  Frist for tilvising/påmelding: Fredag 29/9-17.

Når og kor

Dato
04.10.2017-08.10.2017 
Klokkeslett
17:30-19:30
Stad
Nordfjord psykiatrisenter
Storstova
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenter (LMS), Nordfjord psykiatrisenter
 
Innlegg frå
Brukarrepresentant  
Kontakt
For praktisk informasjon og påmelding kontakt:
Seksjonsleiar ved Seksjon Rus: Arild Nøstdal
Tlf. 57 86 43 42
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.