Meistringstilbod for pårørande til personar med psykisk sjukdom

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 17.10.2017-28.11.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Psykiatrisk klinikk

Helse Førde, psykiatrisk klinikk i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret, Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse arrangerer meistringstilbod for pårørande til personar med psykisk sjukdom.

Kven kan delta?

Foreldre, søsken, vaksne barn, ektefelle/sambuar til personar med psykisk sjukdom.

I kva form

Gruppesamlingar over 4 gangar
Gruppestørrelse: 6-10 personar
Deltaking i meistringskurset er gratis.
Enkel servering.


”Når ein deler på sjukdomsbøra, blir det lettare for alle. Å delta i undervising for pårørande, kan lette børa for den som er sjuk og deg som pårørande”.


"Pårørande er ein viktig ressurs for den som har fått ein alvorleg psykisk sjukdom"!

Forsking har synt at pårørande er ein verdifull ressurs for dei som blir ramma av alvorleg psykisk sjukdom. Pårørande sine kunnskapar og haldningar påverkar sjukdomsprosessen. Forsking har synt at personar som har alvorleg psykisk sjukdom, får færre tilbakefall når pårørande får betre oppfølging i form av undervising og samtalar med fagfolk og andre pårørande.


På kvar samling blir det undervist om eit tema og det blir god tid til å stille spørsmål og utveksle erfaringar.

Tema på samlingane:

  • Kva tilbod har psykiatrisk klinikk til pårørande
  • Ein pårørende si historie
  • Pasient og brukarombudet orienterer om kva rettar har ein som pårørande
  • Kriser og krisehandtering
  • Individuell plan

Når og kor

Dato
17.10.2017-28.11.2017 
Klokkeslett
18:30-21:00 
Stad
Førde sentralsjukehus
Lærings- og meistringssenteret (LMS), ved Rema 1000, Viesenter, Førde
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenter (LMS), Psykiatrisk klinikk
i samarbeid med Landsforeningen for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse. 
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​