Meistringskurs ved hjartesjukdom, videooverført mellom NSH, LSH og FSS

Kurs, 08.02.2018, Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Meistringskurs ved hjartesjukdom for pasientar og pårørande. Vi tilbyr kunnskap om kva ein sjølve kan gjere i forhold til kosthald, trening, medisinbruk og symptomvurdering.

Helse Førde, hjarterehabilitering poliklinikk arrangerer i samarbeid med brukarrepresentant og Lærings- og meistringssenteret, opplæring for deg med hjartesjukdom eller auka risiko for hjartesjukdom. Vi oppmodar pårørande om å delta på kursdagen!

Kurset er videooverført mellom sjukehusa. På kvar lokalisasjon er det personale frå hjarterehabiliteringa tilgjengeleg heile dagen.

 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå fastlegen som vert å sende til Helse Førde, Medisinsk poliklinikk, postboks 1000, 6807 Førde. Tilvisinga merkast: hjarterehabilitering, meistringskurs ved hjartesjukdom.

Frå spesialisthelsetenesta skal tilvisinga sendast internt som sekundærtilvising.

Når og kor

Dato
08.02.2018 
Klokkeslett
09:30-15:30 
Stad
 Valfritt:
* Lærings og meistringssenteret- Vie (i samme bygg som Rema 1000)
* Møterom - Lærdal sjukehus
* Biblioteket - Nordfjord sjukehus
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Pårørande kan meldast på til Lærings- og meistrings-koordinator: Telefon 57 86 42 75.
De vil få stadfesting om plass på opplæringa.
 
Meir informasjon
hilde.manseth.bjorhovde@helse-forde.no