ME/CFS: Foreldresamling

Kurs for foreldre som har barn med ME/CFS diagnose. Kurset går over to dagar i september og oktober.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising. Tilvisinga kan sendast til habiliteringa for barn og unge (HABU), Førde sentralsjukehus. Dersom du allereie er i eit behandlingsforløp, kan du ta direkte kontakt med HABU.



Program: 


23. september

9.30-10.00
Velkommen, presentasjon og praktisk informasjon.

10.00-10.45 
Erfaring og tankar frå foreldrerepresentant 
11.00-11.45
Erfaring og tankar frå brukar si oppleving av sjukdommen

11.45-12.45           
Lunsj

12.45-13.30
Om tilstanden ME v/barnelege Annette Schäfer.
13.45 – 14.15
Oppfølging og tiltak v/ergoterapeut og spesialpedagog.

14.15 – 14.45
Oppsummering/Evaluering


22. oktober

09.30-10.00           
Oppsummering frå dag 1

10.00-11.30
Langvarig sjukdom, kva gjer det med pasienten og familien, v/psykolog

11.30-12.15
Lunsj

12.15-13.00
Bevegelse, kropp og avspenning v/fysioterapeut 

13.10 – 14.00         
Erfaringsutveksling

14.00- 14.30
Oppsummering og evaluering

Med atterhald om endring i programmet.


Praktisk informasjon: 

Pris: Inga kursavgift , eigenandel for dei som har barn under 16 år.

Dekking av reise etter fastsette takstar (pasientreiser).

Foreldre/føresette kan søke om opplæringspengar for tapt arbeidsinntekt. Sjå nav.nofor meir informasjon om kriteria.

Lunsj kan kjøpast for 80 kr per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon 57 83 98 70 (LMS)




Fann du det du leita etter?