Lungerehabilitering via video

, 15.09.2020-12.11.2020, Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Helse Førde tilbyr eit lungerehabiliteringsprogram via video som du kan følge ved å koble deg på heime i di eiga stove.

Programmet er for deg som har ein lungesjukdom og opplever tung pust, hoste og evnt slim og at dette begrensar deg i kvardagen din.

Lær meir om:

Pusteteknikk, trening, tilpasse behandling etter form, meistre stress, gode matvanar, korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte. Få meir kunnskap om lungesjukdom og korleis ta medisin slik at du får best effekt.

Kor mykje tid tek det?

Programmet går over 8 veker. Tirsdagar vil det vere undervisning om eit tema i ca 45 min, etterfulgt av trening i 30 min. Torsdagar vil det vere trening i 30 min, og høve til individuell samtale/veiledning med sjukepleiar eller fysioterapeut.

Korleis gjer eg det?

Du vil få opplæring i det tekniske rundt det å delta på video. vi anbefaler at du bruker nettbrett eller PC. Vi arrangerer testtime slik at du blir trygg på det tekniske før sjølve programmet startar. Dersom du ynskjer, tar vi kontakt med lokal fysioterapeut eller heimesjukepleien som kan hjelpe deg med oppkobling første gangen.


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

 Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til Medisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus .

Når og kor

Dato
15.09.2020-12.11.2020 
Klokkeslett
11:00-12:00
Stad
Digitalt
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
 
Kontaktinformasjon
 
Fann du det du leita etter?