HELSENORGE

Livsstyrketrening å meistre livet og jobben - digitalt kurs

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening, der målet er betre helse, auka livsmot og meistring

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs, ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til Medisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus, og merkast med "Livsstyrketrening". 

Informasjon 

Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom.

Målgruppe: 
Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det. Målgruppa er menneske med samansette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. 


Innhald:
Eit meistringskurs med veiledning i grupper (6-8 personer) for deg som har behov for eller ønske om å meistre og styrke livet utifrå den aktuelle livssituasjonen. Via oppmerksomhetstrening og ulike kreative læremetodar arbeider vi med bevisstgjering av:

  • tankar, kjensler og kropp,
  • dine ressursar og moglegheiter
  • vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet.

Meir informasjon finn du her: livsstyrketrening.no
Fann du det du leita etter?