Livsstyrketrening - å meistre livet - og jobben

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 30.10.2018-15.01.2019 , Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening der målet er betre helse, auka livsmot og meistring.

Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom.

Målgruppe: Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det. Målgruppa er menneske med samasette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. 

Innhald: Eit meistringskurs med veiledning i grupper (6-8 personer) for deg som har behov for eller ønske om å meistre og styrke livet utifrå den aktuelle livssituasjonen. Via oppmerksomhetstrening og ulike kreative læremetodar arbeider vi med bevisstgjering av:

  • tankar, kjensler og kropp,
  • dine ressursar og moglegheiter
  • vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet.

 

Informasjonsmøte om kurset haldast 19. oktober kl. 12:00 - 14:00 i Helse Førde sine lokalar på Sunnfjord Medisinske Senter, Florø. Påmelding innan 17. oktober.

 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising:
For å delta på kurset treng du tilvising frå lege. Tilvisinga kan sendast til Helse Førde, med pol, 6807 Førde. Tilvisinga må merkast Livsstyrketrening, Florø

Når og kor

Dato
30.10.2018-15.01.2019 
Klokkeslett
10:00-14:00 Tirsdager i perioden.
Stad
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø
Sunnfjord medisinske senter i Florø,  LMS sine lokaler i 2.etasje.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenter (LMS)
i samarbeid med Medisinsk avdeling i Helse Førde 
Innlegg frå
Sjukepleiar og fysioterapeut med kompetanse innan Livsstyrketrening og veiledning.  
Kontakt
Lærings- og meistringssenteret,
Nina eller Camilla: 41 53 05 49 / 57 75 10 01.
 
Meir informasjon
Les meir om livsstyrketrening her  

Informasjonsmøte 19. oktober kl. 12.00 - 14.00.

Kursdagar 30. okt., 6. nov., 12. nov. (måndag), 27. nov., 4. des., 11. des., 18. des, 8. jan. og 15. januar 2019.

Eigendel for å delta, les meir

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.