HELSENORGE

Livsstyrketrening - å meistre livet- og jobben

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 04.12.2017-05.12.2017, Lærings- og meistringssenter (LMS), Medisinsk avdeling

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening der målet er betre helse, auka livsmot og meistring.

Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom.

Målgruppe:

Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det. Målgruppa er menneske med samasette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. 

Innhald:

Eit meistringskurs med veiledning i grupper (6-8 personer) for deg som har behov for eller ønske om å meistre og styrke livet utifrå den aktuelle livssituasjonen. Via oppmerksomhetstrening og ulike kreative læremetodar arbeider vi med bevisstgjering av:

  • tankar, kjensler og kropp,
  • dine ressursar og moglegheiter
  • vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå lege. Tilvisinga kan sendast til Helse Førde, med pol, 6807 Førde. Tilvisinga må merkast Livsstyrketrening, Florø.

Når og kor

Dato
04.12.2017-05.12.2017 
Klokkeslett
09:30-14:30
Stad
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø
Sunnfjord medisinske senter i Florø,  LMS sine lokaler i 2.etasje.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret
 
Innlegg frå
Sjukepleiar og fysioterapeut med kompetanse innan Livsstyrketrening og veiledning og Lege, spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering.  
Kontaktinformasjon
For praktisk informasjon om kurset kan du kontakte:
Lærings- og meistringsseneret,
Nina eller Camilla: 57 75 10 40 / 41 53 05 49.
 

Påmeldingsfrist: 1. desember

Informasjonsmøte 4. desember kl. 12-14.

Sjølve kurset startar 10. januar og går over 9 onsdagar fram til 21. mars.


Eigendel for å delta, les meir

Fann du det du leita etter?